Til Kristiansund by: - Ver heretter stolt av gravplassane dine og stell godt med dei

Nordlandet gravsted i Kristiansund.

Nordlandet gravsted i Kristiansund.

Av
DEL

LeserbrevEg var innom Nordlandet Gravsted ein av dei siste dagane i mai, dette for å sjå om gravene til to onklar som ligg der. Eg hadde med nokre planter også.

Da vart eg veldig skuffa! Det var slett ikkje velflidd på gravstaden, langt ifrå. Ein kan vel ikkje vente at det er nyklipt gras til ei kvar tid, men det var høgt gras rundt gravstøttene og plassane framom dei. Ingen hadde gått med kantklippar der, nei.

Og eg som skulle plante. Ingen stadar var det reiskap til å hjelpe seg med. Så resultatet vart å bruke hendene for å få plantene i jorda. Det var inga trillebår til å kjøre bort alt eg hadde rykka opp og luka bort, så med hendene fulle av gras og ugras, pluss fleire plastkrukker som blomstrane hadde stått i, fann eg ein stor dunk til søppel, heldigvis. Men da spør eg: ”Er det ikkje kildesortering i Nordmørsbyen?” For der var det organisk og uorganisk avfall i samme dunken.
Eg fann heldigvis vasskanne og ein slange med vatn, så eg fekk vatna dei to gravene og skylje av meg det meste av jorda på hendene.

Eg etterlyser ein stasjon med utstyr og trillebår til å bruke når gravene skal ryddast og haldast i orden. Og ikkje berre ein slik stasjon, Nordlandet Gravsted er stort, og slikt bør bli plassert rundt omkring, så dei pårørande finn det.

Det vart snakka med nokre byfolk om dette, og dei meinte at all reiskap kjem bort etter kvart, ja, det blir stole. Men så mange tjuvar er det ikkje i Kristiansund, det nektar eg å tru på!
Sett opp fine stasjonar, ein vegg med krokar der reiskapen heng, der vasskannene også heng fint attmed vassslangen. Og fyll etter med reiskap når noko kjem bort.

Ein gravstad er ein freda plass midt i byjaget og i ein travel kvardag. Der skal ein gå og minnast og finne roa. Nordlandet Gravsted ligg på ein fin og skjerma stad. Det veks også fine tre der, og gravene kunne bli svært vakre. Der skulle vore benkar også, slik at folk kan sette seg ned.

Kristiansund by, ver heretter stolt av gravplassane dine og stell godt med dei!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags