Ikkje øydelegg skulen vår!

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Til Fylkesutvalet, Utdanningsutvalet og Fylkestinget i Møre og Romsdal:

Vi på Gjermundnes vidaregåande skule ynskjer å seie vår meining om fylkesrådmannen sitt framlegg om å slå saman linene Påbygg til generell studiekompetanse og Studieførebuande Naturbruk her på skulen og på Rauma vidaregåande skule. Framlegget seier at skulane skal samarbeide om å tilby linjene. Saman skal det vere ei Påbygg-klasse med dei ekstra programfaga for Studieførebuande Naturbruk, og utgjere kostnaden til denne eine klassa. Rådmannen rår til at tilbodet skal vert lagt til Rauma, på grunnlag av at dei der allereie har studieførebuande linjer. Skulane skal samarbeide om å finne ei god løysing for dei elevane som går Studieførebuande Naturbruk.

På Gjermundnes vidaregåande skule er realfaga viktig, og her er ressursane til å tilby det. Her er elevar som er kjempefornøyde med å kunne ta både realfaga og yrkesutdanninga på kort tid og samla. Ein får ein kompetanse dei på vanleg studieførebuande berre kan drøyme om, nettopp fordi vi får praksisen og vere ein del av fagmiljøet her på skulen. Personar med både praktisk og teoretisk utdanning i naturbruk treng Møre og Romsdal i framtida, med dei enorme naturressursane som er her, og som må verte forvalta på ein berekraftig og kunnskapsbasert måte.

Dårleg ressursbruk

For skulane vil det vere arbeidskrevjande jobb å sammenstille seg og gi eit godt tilbod til elevane. Vi elevar meiner dette er unødvendig bruk av ressursar og arbeidskraft. Det er omlag ein time reisetid med buss mellom skulane. Med dei bussrutene som er i dag er det krevjande å komme seg fram, om ein skal gå på skule begge stadane. Og i desse miljøtider er ikkje dette noko å strebe etter. Er det då tenkt at vi skal ha to hyblar, ein på Åndalsnes og ein på Gjermundnes? Å dele opp linja vil gje eit mindre samla skulemiljø, og ikkje minst klassemiljø. På Gjermundnes VGS er det som sagt ressursar og kompetanse til å tilby realfaga. Det er eit godt tilbod og vi elevar ser ingen grunn til å endre på det. Spesielt sidan dette er einaste vidaregåande skulen i heile Møre og Romsdal som tilbyr dette. Det er viktig å ta vare på fagmiljøet her, og styrke det heller enn å svekke det, slik framlegget legg opp til.

Stabilitet viktig

For fleire elevar er stabilitet viktig. Om ein kuttar eller flyttar linjer vert det fleire som føler dei mister moglegheiter. Det vil vere belastande å flytte eller bytte skule. Påbygg er ein viktig del av utdanninga til mange, også dei som først tar ei yrkesutdanning. Andelen elevar som tar påbygg etter yrkesfag har dobla seg siste 10 åra, i følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå. Då er det eigentleg kjempebra at ein har moglegheit til å fullføre den vidaregåande utdanninga si på ein plass. Det er svært krevjande å komme inn i nye miljø, for enkelte er terskelen for å faktisk gjere dette høg. Då er det dumt at desse elevane då ikkje får den moglegheita, berre fordi fylket har brukt opp alle pengane sine på ein veg. På Gjermundnes har vi ein anna fantastisk ressurs i tillegg til det gode miljøet, nemleg internatet. Dette er og med å opne moglegheitene for mange. Ein treng ikkje flytte på ein hybel heilt aleine, men kjem inn i eit fellesskap.

Møre og romsdal fylkeskommune har påstått gang på gang at dei vil fremje utdanning og ungdom. Korleis kan de påstå dette, og samtidig ta frå oss utdanninga vår? Vi ungdommer får også høyre at det er vi som er landets framtid og at det er vi som skal styre landet når vi blir eldre. Korleis skal vi få til det når vi ikkje kan få utdanne oss i det yrket vi vil?

Inga Rørstad Sellereite, Stine Lennavik og Svanhild Rødal

Elevar ved Gjermundnes vidaregåande skule

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags