Kommunereformen - grensejustering indre Gjemnes

Av
DEL

LeserbrevDet skal dei ha Angvik Bygdalag, dei hadde førebudd seg godt til folkemøtet 11. januar i Flemma Grendahus. Flott powerpointpresentasjon på blå bakgrunn. Kanskje litt symbolsk val av farge. Det som vart presentert var å betrakte som den heile og fulle sanning, rein og skjær fakta.

Dei som framførte har ei sterk tru og overtyding om at deira syn er den einaste farbare veg inn i framtida. Terje Angvik har ikkje endra syn sidan torsdag sist veke. Han framfører enda ein gong dei same «versa» i avisa tysdag 16.01. Han må tru at vi andre er ganske einfoldige.

No har angvikingane prøvd seg som gjemnesingar i 50 år. Sjølv om det har gått såpass lang tid  føler dei ikkje noko band til resten av kommunen, særleg ikkje til dei i ytre. Det kan sjå ut som dei har problem med å orientere seg utanom sin eigen «navle». No vil dei prøve kvardagsregionen sin, der dei handlar sko og klede, for å sjå om det er noko å hente der.

Gjer ikkje dette skiftet noko med identiteten til folk. Nei, eg trur ikkje det. Vi veit at sunnmøringen, romsdalingen og nordmøringen i høgste grad er levande. Eg er innflyttar sjølv og har arbeidd i kommunen i nesten heile arbeidsfør alder. Eg trur på og kjenner for gjemnesingen. Det er berre når Romsdals Budstikke skriv om pøbelstreker helst gjort i samband med fotballkampar mellom MFK og eit lag frå Trondheim, at trønderen kjem fram i meg.

Ut i frå dette og tidlegare avsnitt: Ein ekte angviking vil alltid vere ein angviking og for det meste vere oppteken av sin eigen navle.

Den førebelse intensjonsavtalen kan sjå grei ut, men ikkje noko meir. Såpass må ein kunne vente av ein ny partnar. Berre vent til kvardagen kjem og ein må ta omsyn til realitetar. Særleg når ein kjem så langt at overgangsordningane har vorte avvikla og ein kanskje ikkje har ein einaste representant i det nye kommunestyret i storkommunen.

Altså; går vi til Molde blir dette mest sannsynleg den einaste gongen vi får innverknad på framtida vår.

Historia viser at eit større eller mindre landområde rundt noko som liknar på ein by eller større sentrum vert utarma av den sentrale parten. Det skal haldast liv i noko prangande og stort. Signalbygg blir ein ikkje mett på, heller ikkje dyre sjøfrontar eller flotte breie vegar. Helst ville ein ha hatt europavegen rett gjennom byen med håp om meir kremmarverksemd.

Dei eldre får klare seg så godt dei kan.

Du husker kvar danskekongen fekk pengane sine ifrå før 1814, berre som ei påminning.

Det at Molde enno ikkje har tatt innover seg planane om deponiet på Raudsand kan tyde på at dei synes at bygdene rundt fjorden er sånn passeleg langt unna byens idyll og difor ikkje treng å bry seg.

I yrket mitt har eg dreve med mindre reaksjonar i små reagensrør. Stor undring når det smell og litt morosamt.

Den dagen det eventuelt smell inne på Raudsand klarer eg ikkje å sjå for meg på ein positiv måte.

Kvifor vil angvikingen til Molde utanom det han trur er det mest lønsame reint økonomisk.

Eg trur at det er status. Ein føler seg betre når ein kan fortelje til dei ein møter på ute i verda at ein er frå Molde. Det blir noko anna enn å fortelje om Gjemnes med batnfjordingar, storlendingar og bergsøyingar, folk ein aldri har brydd seg om å bli kjent med.

Eg trur det blir enklare å styre inn i framtida som eigen kommune og så kan angvikingane trene seg på å bli litt meir gjemnesingar.

Godt val.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags