SP vil ha milliardvis av kroner i bompengar her i fylket!

Av
DEL

LeserbrevSP vil ha gratis ferjer, men vil loppe innbyggjarane i Møre og Romsdal for milliardar av kroner i bompengar i Ålesund, Molde og Kristiansund.

Dei vil kutte nokre hundre million kroner i ferjedrift, men istaden altså loppe innbyggjarane her i fylket for fleire milliard kroner i bompengar. Dette er å gje med den eine handa, og krevje inn det mangedobbelte med den andre i skattar og avgifter som bompengar faktisk er.

Senterpartiet i regjering tvinga Møre og Romsdal fylke til å ta over riksvegane og riksvegferjene her i fylket, som danna grunnlaget for at Møre og Romsdal har eit vedlikeholdsetterslep på ca 6 milliard kr.

Alt då mangla fylket fleire hundre million kroner til ferjedrifta, med bakgrunn i at Senterpartiet ved Liv Signe Navarsete leverte over «katta i sekken» til fylket.

Dagens regjering etter sterkt påtrykk av FrP med samferdselsministeren, har auka vegløyvingane og løyvingane til ferjedrift, frå 33 milliard kroner siste året i regjering med SP, til over 75 milliard kroner i året no.

Alle bør huske såpass, at vi veit kva SP står for i regjering, auka skattar og avgifter, auka bompengar, og mindre satsing på samferdsel.

FrP ynskjer å fjerne bypakkane og bompengar her i fylket, og vil meir enn gjerne ilag med SP arbeide for å kutte ned ferjekostnadane og gjerne gratis ferjer.

Men, SP må huske på ordtaket: «Kua huska ikkje at ho var kalv». Og faktisk snart begynne å innrømme at det meste innan samferdsel var vesentlig dårligare og dyrare med deira eigen statsråd sist dei var i regjering.

I dag har SP i opposisjon meir pengar til alt, skyte alle rovdyr vil dei, sjølv om det var SP som stod i spissen for dagens rovdyrforlik. At Kristin Sørheim og SP her i Møre og Romsdal ynskjer av all si kraft å byggje bypakkar med milliardvis av kroner i bompengar, har vi no fått grundig bevist.

Alle som er sterkt imot bompengar og bypakkane i Ålesund, Molde og Kristiansund, veit at det er kun eit parti her i fylket som arbeidar for dette, og det er vi i FrP.

Valgkampen er i gang, men det kan vere lurt å sjekke kva dagens opposisjon ved AP, SP og SV, faktisk sjølv har levert når dei var i posisjon. Politikarane bør målast etter kva dei gjer og har gjort, og ikkje kva dei seier i opposisjon!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags