Romsdalsaksen blir nok utgreidd, og demokratiet vinner!

Av
DEL

LeserbrevSjølv ikkje med å krype over i senga til fienden AP, så klarer ikkje Høgre å stoppe kravet frå folket i fylket om å utgreie Romsdalsaksen.

I Molde er det no full fyr i debatten om rasering av innfartsvegen til byen gjennom noko av landets flotteste byområder.

Dette er også eit «produkt» av, og følgjekonsekvensar av Møreaksen.

Møreaksen har følgjekonsekvensar som berre blir verre og verre for kvar dag som går.

Ikkje anar STVV kva prosjektet vil koste, då dei ikkje har prosjektert eller planlagt verken Ørskogfjellet til Vik, eller Julsundet og forbi Molde i ein gedigen tunell, og vegsystema på austsida av byen.

At Møreaksen dreg seg opp mot 30-35 milliard kr er det liten tvil om, sjølv om her er enkelte som veit det meste, lenge før prosjektet er planlagt og kostnadar er eit snev av mulig å vurdere seriøst.

Romsdalsaksen vert dag for dag eit langt betre konsept, og vil overhode ikkje skape behov for firefelts veg inn mot Molde.

I dag skapar trafikklys håplause situasjonar, der ein bil inn i krysset stoppar heile trafikken og skapar store køer på E-39.

Nokre rundkøyringar her eller på og avkøyringsfiler, løyser floken lett.

FrP er sterkt imot firefelts veg inn mot Molde, men den enklaste måten stoppe dette «galematiasprosjektet» med rasering av dei flotte områda i Molde, er rett og slett å velge Romsdalsaksen.

All trafikk som skal forbi Molde, går då med Romsdalsaksen utanom byen, og Molde får den trafikken som skal til byen.

Romsdalsaksen og flytebruer blir nok utgreidd dersom DU som innbyggjar ynskjer dette.

DU styrer dette den 9 september, gjennom å stemme på FrP som det klare og trygge valget for full utgreiing av Romsdalsaksen og flytebruer og ekstra ferjekapasitet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags