Møreaksen er for kostbart!

Av
DEL

LeserbrevSparar ein 10 milliard kr ved kryssing av Romsdalsfjorden, kan dette løyse ut, Rovdefjordbrua, Sande fastlandssamband, Storfjordsambandet, Langfjordkryssinga og Todalsfjordkryssinga.

Kryssing av Romsdalsfjorden har kun pr. i dag ca. 2300 bilar i døgnet.

Ved å kunne bruke ca. 10 milliard kr spart ved Møreaksen ved å byggje Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer, vil ein kunne løyse ut prosjekt i heile fylket som til saman har minst 10000 bilar i døgnet i trafikk.

Rovdefjordbrua manglar mindre enn ein milliard kr for å kunne bli realisert, Sande fastlandsamband det same.

Storfjordsambandet trenger ca. 2–3 milliard kr i tilskott for å bli realisert, og er eit av landets største ferjestrekning, og er eit svært viktig samband her i fylket for store delar av næringslivet.

Langfjordkryssinga mellom Sølsnes og Åfarnes, er sjølve «livsnerven» for næringslivet i heile Nordmøre og Molderegionen. Ca 3–4 milliard kr til dette prosjektet, og dette kan realiserast med flytebru.

Todalsfjordprosjektet mellom Sunndal og Surnadal er det neste store prosjektet her i fylket som er prioritert som nr. 1.

Dette prosjektet trenger mindre enn 1 milliard kr i tilskott for å kunne vere fullfinansiert.

Vi må snart verkeleg begynne å tenkje oss om korleis vi brukar samferdselsmidlane våre, til det beste for folk flest og næringslivet.

Får vi bygd desse fem sambanda, vil dette løyse ut og knytte ihop heile Møre og Romsdal ferjefritt.

Dette vil verkeleg kunne bli ein samferdselsrevolusjon for næringslivet og meir enn 10000 bilar i døgnet her i fylket, og då snakkar vi om eit reelt styrka bu og arbeidsmarknadsområde.

Det er ikkje til Molde, som er fylkets viktigaste veg, men vegane UT og INN av Møre og Romsdal på våre viktigaste fylkesvegar og på E-136.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags