Arbeidar SP og Kristin Sørheim for Møreaksen?

Av
DEL

LeserbrevSpørsmåla til Statsministeren der Sørheim krev garantiar i hytt og pine ang. Møreaksen, veit ho nok inderleg godt kva svaret blir frå Statsministeren.

Statsministeren var ute i NRK Møre og Romsdal, og var rimeleg tydeleg på kva ho meinte, samtidig som ho forsøkte å «avviste» kravet frå vår fyrste nestleiar Sylvi Listhaug om utgreiing av Romsdalsaksen. Jon Georg Dahle støtta også dette kravet frå Listhaug.

At Sylvi Listhaug og Jon Georg Dahle også er Eldreminister og Samferdselsminister er ein realitet, og eg trur det ikkje akkurat er smart av Statsministeren med enda eit forsøke på å «instruere oss» midt oppe i desse krevjandes politiske tider i regjeringa.

At SP og Kristin Sørheim no går ut og stiller spørsmål om Møreaksen til Statsministeren som dei garantert veit svaret på, gjer meg og alle andre rimeleg skråsikre på at dei arbeidar iherdig for Møreaksen.

Dersom SP og Sørheim faktisk var interesserte i ei reell utgreiing av Romsdalsaksen, så hadde dei stått knallhardt på dette og støtta oss i denne saka.

Så godt kjenner eg Kristin Sørheim og resten av SP i fylkestinget, at dei no er svært lett å « lese», spesielt etter at deira eigen Stortingsrepresentant Jenny Klinge, nærmast «radbrekte» alle idear om ei utgreiing av Romsdalsaksen i eit intervju i VG. Det same har nestleiaren deira Ola Borten Moe gjort.

Såleis er det berre å konstatere, at enda ein Nordmørskandidat i eit parti, er godt befestes i Møreaksen miljøet.

Ikkje forstår eg eit kvidder av dette, når både Nordmøre, Sunnmøre og store delar av Romsdalen krev klart og tydeleg at Romsdalsaksen vert utgreidd.

Møre og Romsdal FrP kjem uansett til å arbeide for at Romsdalsaksen og flytebruer skal utgreiast, og i prosessen med ny Nasjonal Transportplan inn mot 2021 er det sjølvsagt staten som tek dette arbeidet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags