Korleis lever eldre heile livet i vår kommune?

Av
DEL

Leserbrev1.januar 2019 vart eldrereforma «Leve hele livet» starta i kommunane rundt om i landet.

«Leve hele livet» handlar om det som er viktigast i livet: fellesskap, aktivitet, deltaking, forebygging, god mat og rett helsehjelp. Det meste av ansvaret for å gjennomføra reformane er lagt på kommunane, men pårørande, frivillige og dei eldre sjølve må og ta eit tak. Å planlegge for eigen alderdom gjennom tilrettelegging av eigen bolig, investering i venner og sosiale nettverk, samt oppretthalde best mogleg funksjonsevne gjennom eit aktivt liv, er ein viktig del av reforma.

Reforma er eit spanande og godt prosjekt, men forutsett at kommunane både økonomisk og organisatorisk blir sette i stand til å klare den relativt store jobben som ligg i å ta i bruk reforma sine gode intensjonar. Det innebær og at eldre skal vera trygge på at vi får den hjelpa vi treng, når vi treng det. Reforma slik den ligg føre skal gjennomførast utan auka tilskot til kommunane. Kan vi da vente å leva heile livet trygt og godt i vår kommune, no og i framtida?

Pensjonistforbundet v/Surnadal Pensjonistlag er klare på at skal vi lukkast i dette arbeidet må vi alt ved starten av reforma involvere dei eldre sjølve, frivillige og pårørande. Vi må sørge for at alle eldre får bruke ressursane sine og dekt behova sine, same kor dei bur.

Pensjonistforbundet er den største pensjonistorganisasjonen i landet og ein naturleg  samarbeidspartner for kommunane og eldreråd i dette arbeidet. Vi oppfordrar derfor lokalpolitikarar og kommunetilsette til å ta kontakt med oss, slik at vi kan vera ein god samarbeidspartner når kommunen skal kartleggja behov og utfordringar og foreslå løysingar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags