Ein inkluderande skule for alle?

.

. Foto:

Av
DEL

LeserbrevOm ein knapp månad skal 800.000 elevar strøyme til skulane att. 800.000 unike individ som alle blir pressa inn i det same skulesystemet. Kvar vart det av regjeringa sin «inkluderande» skule med plass til alle?

Ofte kan individuelle og tilpassa løysningar fungere best for enkelteleven. Men med dagens regjering og skuleregime skal seksåringen som framleis vil leike i sandkassa, 13-åringen som treng litt ekstra støtte i enkeltfag, og 16-åringen som vil ta heile vidaregåande på to år likevel sjå langt etter å få oppfylt sine ynskjer utan lange og tunge søknadsprosessar. Alle skal nemleg pressast inn i det same «inkluderande» skulesystemet.

I dag droppar éin av fem elevar ut av vidaregåande, samstundes som antidepressivabruken blant barn og unge skyt vêret og undersøkingar syner at ungdom aldri har vore so stressa.
Likevel er det einaste regjeringa gjere å kjefte på alle dei «dårlege» lærarane, innføre ei meiningslaus fråværsgrense og kaste alle ballar opp i lufta – samstundes. So kokar dei saman ein halvdårleg graut av ein ny læreplan so raskt som mogleg før dei lyt forlate regjeringskontora, sjølv om det vi eigentleg treng er ein heilskapleg strukturendring i skulen.

I framtidas skule må det bli enklare å ta om att skuleår anten det er grunna sosiale eller faglege årsaker. På ungdomstrinnet må det bli enklare for dei sterke elevane å hoppe over skuletrinn, og i vidaregåande opplæring må det finnast eit tilbod for dei som vil gå heile vidaregåande på to år. Det å få tilrettelegging, uavhengig av om det er fordi du syns skule er vanskeleg eller fordi du syns skule er enkelt må bli mykje meir lågterskel, og om ein skal byrje på skulen når ein er fem, seks eller sju år bør vere opp til foreldra.

Sjølv har eg både vore eleven som strauk i alle fag og eleven som har hatt nesten 6 i snitt. Eg veit korleis det er å vere både ein svak og ein sterk elev, og eg veit kor lite fleksibelt og tilpassingsdyktig det norske skulesystemet kan vere. Dagens skule fangar korkje opp skuleslitaren eller supergenia. Eller alle dei mellom der.

I dag er skulen eit rigid pakkeforlaup skapa for ein gjennomsnittselev som ikkje finnes. Vi har ein skule som prøvar å sjå og fange opp alle, men som i praksis ikkje maktar nettopp det.
Forsøket på ein skule som skal famne alle er som å ha verdas største fiskegarn, der hola er så store at alle fiskane berre sym igjennom.

I år igjen skal det snart strøyme 800.000 elevar til dei same strikte skulane i det firkanta skulesystemet vårt.
Kvar vart det av den inkluderande skulen for alle?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags