Bompengenivået, ingen kan godta!

Av

Bompengar på meir enn 600 kr frå Ålesund og forbi Molde til Nordmøre kan ingen godta.

DEL

LeserbrevEnkelte som tydeligvis ikkje har sett seg inn i saka, hevder prisen blir ferjetakst + 40%.  

I fylkestinget sist år i desember, fekk fylkesrådmannen i oppgåve å svare ut kva antatt bompengenivå kunne kome til å bli, frå Ålesund til Molde og vidare til Nordmøre, og Ålesund til Dombås.

Svaret frå STVV kom i samferdselsutvalget nest vår, og svaret var, «ca 640 kr en veg, frå Ålesund-Molde og vidare til Nordmøre/Halsa». Dette er det vi har fått informasjon om ang. bompengenivået, som sjølvsagt ikkje berre er på fjordkryssingane.

Enkelte andre forsøker å teikne eit rimeleg ufullstendig og null realistisk bilde, overfor innbyggarane og trafikantane, ang framtidige bompengenivå. Frå Ålesund vert det eigen bypakke, med bommar i hytt og pine. Ved utbygging av Ålesund til Ørskog, vert dette også dessverre sikkert med bompengar. 

Frå før veit vi at K21b over Ørskogfjellet og til Vik vert med bompenger, vidare sjølve fjordkryssinga med bompengar. Når ein kjem på land nord om fjordkryssinga, vert det igjen bompengar i ny veg inn til byen, med tunell bak og forbi Molde, også det med bompenger.

I Molde er det også planlagt bypakke, med bompenger, samt ut av byen vidare mot Nordmøre/Trøndelag, også med bompenger.

At enkelte då klarer å framstå som «sanninga» i bompengedebatten, og forsøke å «sminke» realitetane med at dette kun skal koste ferjebiletten+40%, er berre aldeles fantastisk. Dette trur dei ikkje på sjølv ein gong.

Men gjerne for meg, vi i FrP ynskjer desse bompengepakkane egentlig «dit pepperen gror» og vi ville meir enn gjerne bygge vegar osv heilt utan bompengar. Men som sikkert dei fleste har fått med seg så er det altså FrP mot resten, der FrP er den som kjempar mot bompengar og for lågast mogeleg kostnadar for bilistane.

Skulle nesten tru at enkelte som oppheld seg mykje på Austlandet, hadde fått med seg «bompengekaoset» der nede. Vi her oppe på Møre ynskjer ikkje «Oslo tilstandar», der det snart ikkje er råd å ferdast for vanlige bilistar. Ein tur til Oslo og heim att, er ikkje akkurat godt for «lommeboka».

Er det slike tilstandar vi ynskjer oss her oppe?

Ynskjer vi her ute i distrikta, at fylket vårt blir «låst inne av bompengar» der økonomien til folk flest avgjer kven som kan reise innad i fylket?

Ynskjer vi at vårt næringsliv i Norges nest største eksportfylke, skal druknast i bompengekostnadar, og miste konkurransekraft av den grunn?

Når har dokke såkalla «ekspertar på det meste» tenkt å ta ein seriøs debatt på kva folk flest og næringslivet her oppe aksepterer av bompengar ?

Vi i FrP kjem til å kjempe mot skattar og avgifter og offentlige inngrep, og fortsatt kjempe for å gjere kvardagen til næringslivet og for folk flest enklare og rimelegare.

Bompengar er ei avgift som vi ikkje verken treng eller skal tvinge på bilistane. Vi har vel nok ekstra kostnadar her i fylket, gjennom at ferjebiletten er «bompengar til evig tid». Ferjeavløysingsprosjekt der ein brukar ferjekostnadane til å bygge fastlandssamband, er både fornuftig og klokt.

Det store spørsmålet blir då, kva er frigitte ferjekostnadar/ inntekter som kan brukast til finansiering, og kva kostar alternativet til ferje?

Alle forstår at fjordkryssingsprosjekt til fleire titals milliard kr, ikkje kan dekkjast inn av ferjekostnadane. Såleis trur eg dette er grunnlaget for at Vegdirektoratet ynskjer ei ny utgreiing av ferjefri E39. Kvifor trur nokon at betalingsviljen for bompenger er så stor blant folk flest? Realiteten er nok at folk flest er luta lei bompenger og høge ferjetakstar. Sist år auka fylkeskommunen sine ferjetakstar med to soner for indre og Søre Sunnmøre. Dette skapte skikkeleg rabalder og dertil folkemøter og protestar. Det er absolutt ingen ting som tyder på at folk flest og næringslivet ikkje kjem til å protestere høglytt, når realitetane ang bompengenivået som er planlagt blir synliggjort.

Og, når nokre titals kr skaper rabalder, «kva då med auke på fleire hundre kr?» Bompengenivå som går over «alle støvleskaft», bør og kan ikkje folk flest og næringslivet godta.

Her bør alle ta fatt i denne debatten, kreve å få fram alle reelle tal på bordet, og stoppe «snikinnføring» av bompengenivå her heime, « a la Oslo».

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags