Stavneset – naturoppleving eller industri

Denne måten å nærme seg Stavneset på kan bli historie.

Denne måten å nærme seg Stavneset på kan bli historie. Foto:

Av
DEL

LeserbrevArbeidstittelen var lenge «Stavnesets uvenner», men dei finnst sjølvsagt ikkje. Alle, og då meiner eg absolutt alle, syns det er heilt fantastisk at vi har ei slik perle i vår nærleik. Vårt ynskje er at fyrstasjonen skal stå der til evig tid, og vere ei ledestjerne på sjø og land. Men nokre av venene tykkjer at fyret har stått einsam lenge nok no, og treng selskap av eit fabrikkområde, med molo, kai og alt anna som høyrer til frå vår moderne tid.

Hagefigurane, ein raudmåla sykkel, do-anda, steikepanner, sko og støvler, – gjev deg ein lun start på turen. Så over på ein solid opparbeida sti, gangbar i småsko, i all slags ver og for folk i alle aldrar. Med eitt opnar landskapet seg og du blir dregen ut mot turmålet, Stavneset fyr. Besøker du Stavneset på søndagar kan du til og med Vippse deg ei bakelsplate og noko i koppen. Du kan velge to andre stiar til og frå fyrstasjonen. Spesielt vil eg nemne den ytste stien som går over blanke svaberg. Den er ei heilt spesiell oppleving, med noko nytt og spanande rundt kvar ein liten knaus.

Etter ein «enkel silingsøvelse» finn eg ikkje noko liknande turmål i heile regionen. Det er då på sin plass å rette ein stor og ærbødig takk til Stavnesets venner for deira uvurderlege dugnadsinnsats. Eg er redd deira ståpå-vilje vil få seg ein alvorleg knekk om industrianlegget blir ein realitet.

Sjølv om tommelen er vendt ned frå mange instansar, er det ikkje utenkeleg at anlegget får grønt lys. Årsaka til mi redsle heiter Monika Mæland. Saka ligg no på hennar bord, og ho er truande til alt. Eg er klar over at kommunen treng nye arbeidsplassar for å halde liv i kulturskulelærarar, kommunale vegar og kyrkjegardar, med meire. Dette er då heller ikkje eit innlegg for eller mot etablering av landbasert fiskeoppdrett i kommunen.

Plandokumentet «Landbasert oppdrettsanlegg på Tøfta» og mykje anna om temaet, har vore ferielektyren. Plana nyttar biletmateriell på bakkenivå med utgangspunkt i vidvinkel-foto, likt prospektet når du skal selge huset ditt. Alle objekt blir flata ut, flytta lengre unna og gjort mindre ruvande, – kort og godt eit synsbedrag.

Så neste gong du sit i solveggen på vestsida av fyrstasjonen, kan du sjå for deg at næraste del av kaia og moloen ligg på linje utanfor 6. lyspålen. Austveggen til næraste bygning ligg ut for 8. pålen. Planering på kote 3 meter, og mønehøgder er mellom 7 og 15 meter. Dette vil gje takhøgder opp til plattingen du har under beina dine. Ingen av berga bortover er høge nok til å skjerme for noko som helst.

I plana står det: «Vi har gjort en enkel silingsøvelse for å se om her er alternative lokaliseringer ...". «Inntak av sjøvann fra ca. 75 meters dyp ...". «Hensyn til vannkvalitet gjør at en trenger en beliggenhet som ligger åpen mot storhavet.» – I den samanheng må nemnast at vår gründer har planlagt eit liknande anlegg på Losna i Solund kommune. Denne lokaliseringa ligg totalt innaskjærs, ei lang mil unna ei plassering som ligger åpen mot storhavet. Med det i tankane skulle ein tru det var fleire aktuelle lokalitetar her i kommunen.

I eit gamalt steinbrot på Indre-Harøy i Fræna, vil Europa sitt største landbaserte oppdrettsanlegg kome, også basert på gjennomstrømmingsteknologi. Styreleiar i selskapet, seier dette om å byggje anlegg av denne storleiken: – «Det er kanskje snakk om 4–5 steder i landet hvor det er realistisk. Her har vi en tomt som allerede er regulert til industri, ferdig planert og gir oss umiddelbar nærhet til sjø. Det hadde vært noe helt annet hvis vi skulle begynne å sprenge i en uberørt naturperle langs kysten.»

For ein menigmann er det då vanskeleg å skjønne økonomien i Tøfta-prosjektet. Her skal det sprengast ut, og flyttast på om lag 2 millionar kubikkmeter fjell. Det skal planerast, byggast molo, anleggast undersjøisk vasstunell og anna infrastruktur, – og det heile frå «skrætsj». Til sist skal dette inn i reknestykket med mål om å tene pengar.

I tillegg tek eg for fly-skams skuld inn i kalkylene dei ressursane som blir brukt på flytransport av fersk laks. Utviklinga av teknologien innan landbasert oppdrett vil føre til at det blir meir miljøvennleg å flytte produksjonen i nærleiken av marknadene. Allereie no er det Norske selskap som satsar stort på produksjon av laks i Nord-Amerika.

Vår gründer seier sjølv i eit intervju (iLaks.no): «Men hvorfor satser du på avsidesliggende Losna, og ikke Sørøst-Asia eller USA, hvor du kan selge laksen til 20 kroner i høyere kilopris?» – «Ja, det er klart, men nå har vi valgt å gjøre det her. Vi må lage anleggene først i Norge. Det anlegget vi har er designet ferdig. Når det er bygget, kan vi bygge det hvor som helst.»

Under eit møte mellom naboer og kommunen, spurde ein deltakar om ikkje kommunen kunne anbefale andre lokaliteter. Svaret var: «Dette er ikke vår rolle ...». På spørsmål om korleis kommunen kan bruke ressursar på eit prosjekt ikkje eingong utbyggaren veit blir lønsamt, og frykten for at kommunen blir ståande igjen med svarteper og eit tomt hol i fjellet, var svaret: «Det kan skje. Administrasjonen vil ikke gå langt i å vurdere forretningsmessige forhold. Det må være opp til tiltakshaver selv hvor han ønsker å bruke pengene!»

Så i staden for å tilby ei anna lokalisering, tek kommunen sjansen på utbygging i Tøfta om MM seier ja. Kjem anleggsarbeidet i gong før alarmen går, vil det eineståande området kunne få uopprettelege sår.

Eg trur dei aller fleste brukarane ynskjer opplevinga som ho er no, – ekte, tidlaus og fredleg, med det moderne livet på god avstand. Her ligg distriktet sin lettast tilgjengelege fyrstasjon (sidan 1842), med det opne storhavet som næraste nabo.

For kommunen er ikkje dette så viktig: – «Utsikten fra Stavneset fyr vil bli endret, og for noen vil dette utvilsomt bety en forringelse av opplevelseskvaliteten. Det er en av ulempene med tiltaket som må vektes opp mot fordelene.»

Veit kommunen noko om kor mange «noen» er og kva dei meiner? Og kva er «fordelene» det er snakk om? – Er det parkeringsplassen, nausta og fotturen på moloen? Er det arbeidsplassane og statusen som ei leiande rolle innan havbruk?

Eg meiner ei loklisering av oppdrett på Tøfta vil øydelegge heile området. Det eigentlege målet burde heller vore eit varig vern. Det er framtidsretta det!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags