Eit gammalt ordtak seier: «Ein far kan ein få igjen, men aldri ei mor». Gamle ordtak skal ein lytte til. Dei har i regelen sitt opphav i røynsle frå generasjonar sine levde liv.

Sjølv mista eg mi mor den dagen eg vart fødd. Seks dagar gammal vart eg døypt i hennar gravferd. Slik vart min fødselsdato prega på mor si gravstøtte og gravferdsdagen gravert bak på dåpsskeia.

Mor si to år yngre syster kom inn i heimen då eg var om lag 4 månader. Der vart ho dei neste 60 åra. Ei meir godhjarta og oppofrande fostermor er det vanskeleg å tenkje seg. Ho var likevel moster mi. Mi eiga mor var død.

Ein dominerande tanke gjennom eit langt liv har vore: «Hadde ikkje eg vore fødd, så kunne kanskje mor mi ha levd».

Forsking viser nettopp dette. Det er typisk for eit barn å kjenne på skuldkjensle for tap av mor. Å leve med skuldkjensle for å vera fødd har difor prega ein stor del av mitt meir enn 70 år lange liv.

Regjeringa ber om orsaking

Nyleg bad den norske regjeringa om orsaking for tidlegare overgrep mot dei reisande vi brukte nemninga tater om i min barndom. Mange var dei mødrene som vart fråtekne sine eigne barn og tvangssteriliserte. Med utgangspunkt i Darwin sine teoriar vart folkegrupper rangert som meir eller mindre lågt- eller høgtståande. Slik kunne maktpersonar i det nasjonale maktapparatet splitte familiar, og i krigsåra sende jødar og andre folkegrupper til utryddingsleirar.

Korleis er situasjonen i dagens Norge når det gjeld respekt for menneskeverdet?

På mange område har det skjedd ei positiv utvikling. Barn blir ikkje lenger slått med spanskrør over venstre handa i norsk skule for å tvingast til å skrive med den høgre. Psykisk funksjonshemma og homofile har opplevd positive reformer. Tvangssterilisering er ut, men tvangsvaksinering blir drøfta. Menneske med legning for å utøve makt finn alltid ein arena der andre sitt menneskeverd blir krenka.

Makt eller fagkunnskap

Barnevernet er nettopp ein slik arena der medarbeidarar kan utøve makt og formyndarterror. Barnevernet er likevel ein etat i vårt samfunn som det absolutt er behov for. Det er djupt tragisk når vi får rulla opp historier i rettsapparatet om alvorlege overgrep der barnevernet let vera å gripe inn. Når barn opplever vold i familien og grov omsorgssvikt er det samfunnet si plikt å gripe inn. Eg har sjølv vore fosterfar i 10 år og vi har møtt like mange saksbehandlarar; ein ny for kvart år. Mange er dyktige og med stor fagleg integritet. Diverre forsvinn ein del dyktige folk med stor grad av empati og respekt for barn og foreldre sitt menneskeverd inn i andre yrke. I ein del tilfelle har grunnen vore manglande evne og lyst til å arbeide i eit miljø der dei i enkelte tilfelle opplever bruk av formyndarterror og mangel på menneskeleg respekt i kollegiet. Jfr. John Hollen: Formynderterror - Historien om en barnevernsak, Communicatio Forlag 2005.

Rus er flukt

Enkelte menneske kan ha vonde traumatiske opplevingar i bagasjen. Vanedannande medikament på resept, alkohol eller narkotika kan bli ei av tre fluktruter i livet; den eine mindre sosialt akseptert enn den andre. Slik kom også to barn til mi stedotter i fosterheim, og det med rette.

Kva så når ei mor ser at fluktruta var ingen farbar veg? Livet tar ein ny retning.

Opphald på Tyrilikollektiv med psykologhjelp utan retraumatisering og avtale om ekstern arbeidstrening. Kva skjer etter år utan rus, nytt nettverk fjernt frå rusmiljøet og positiv psykologvurdering av omsorgsevne på alle nivå med to barn og to barnevern i ulike delar av landet.

Barnevern som natt og dag

Ein saksbehandlar innhentar informasjon frå Tyrili, ruskonsulent og arbeidsgivar, og saksbehandlar gir uttrykk for å vera imponert over det mor har fått til i livet sitt. Vi som fosterforeldre får i stor grad avgjere omfanget av samvær. I tillegg får mor samværstid utan tilsyn. Saksbehandlar med fagleg integritet er til for både mor og barn.

Saksbehandlar for det andre barnet neglisjerer å ta kontakt med dei nemnde instansane. Alt gammalt som på nokon måte kan stigmatisere mor blir dradd fram og krydra med stadig nye usanningar. Di betre det går med mor, di farlegare blir ho for saksbehandlar sin mangel på fagkunnskap og utøving av makt. Når mor signaliserer at ho ønskjer tilbakeføring av barnet blir ho møtt av trusselen: «Då skal vi sørgje for at du får redusert samvær». Mor får likevel medhald om omsorgsovertaking i fylkesnemnda. Barnevernet ankar avgjerda til ny rettargang etter særs aktiv kommunikasjon mellom fostermor og barnevernet. Til og med den retten sysken har til syskentreff blir sabotert av dette barnevernet utan noko form for objektiv grunngiving.

Trylleord og overgrep

Maktmenneske kan misbruke uttrykket «til barnets beste» som eventyrets trylleord «simsalabim». I barnevernet og rettssystemet blir uttrykket brukt som keisaren sine nye klede utan noko form for objektiv grunngiving. Likevel er det knapt nokon som vågar å peike på den nakne keisaren og etterlyse objektivt innhald. Vi kan forstå at ei fostermor si tilknyting til eit barn både emosjonelt og økonomisk er ein vanskeleg situasjon å miste. Det er likevel uakseptabelt av barnevernet å utøve maktmisbruk i ein slik situasjon. Å utnytte eit barn til sine eige behov er eit overgrep mot barnet. I ein slik situasjonen er vi langt på veg 60-70 år attende i tid der barn vart tatt frå mødrene i taterfamiliar med makt. Sakkyndige oppnemnde av barnevernet er økonomisk avhengige av å være samde med barnevernet. Dette fører til undergraving av rettstryggleiken i barnevernssaker fordi utfallet i rettssystemet blir særdeles personavhengig.

Genetisk tilknyting

Det viktigaste her er at barn blir fråteken si biologiske mor når psykologekspert vurderer mor sin omsorgskompetanse som god på alle aktuelle område. Den genetiske tilknyting barnet får til mor i fosterlivet kan ingen maktperson i barnevernet utslette. Eit barn som i tillegg blir fråteken oppvekst saman med sysken og ei mor med empati og stor grad av omsorgsevne, vil oppleve dette sterkt traumatiserande.

Det er djupt tragisk at enkeltpersonar i barnevernet utøver uakseptabel makt. Dermed druknar alt det positive barnevernet utfører i protestar og demonstrasjonar mot det norske barnevernet. Til og med ei gruppe av psykologar og advokatar har gått aktivt ut mot den neglisjering av det biologiske prinsippet som i seinare tid har fått innpass i mange barnevern.

Her trengst det opprydding. Eg tvilar på at barnevernet si prioriterte oppgåve skal vera å utsetje barn for det same som døden utsette meg sjølv for: Ei mor kan ein aldri få igjen.

Etatar som skal arbeide til det beste for andre menneske, treng medarbeidarar utan sterkt behov i å utøve makt for å føle seg viktige.