Aure Senterparti – tatt av vinden?

Av
DEL

LeserbrevEit argument for å bygge vindturbiner er klimaeffekten. No er det vel neppe nokon som trur at vindturbiner på norske fjell vil ha betydning for klima, men eit par eksempel; Det planlegges og bygges no tusenvis av nye kolkraftverk på kloden. Tre av verdas største kolkraftverk slipper ut meire CO₂ enn heile Norge. Om Norge reduserer bilbruken med 5 %, vil det redusere temperaturen med 0,000007 grader i 2100. Jon Hustad har også rekna på dette; Dersom klimamodellene mot alle solemerker skulle vise seg å fungere, og Norge reduserte utsleppa sine med 2/3, ville det forsinke den globale temperaturauken med 1-ei- veke i år 2100! Vindturbiner er uansett ikkje CO₂ sparande. Vindturbiner gir 30g CO₂ utslipp pr. kWh, mens vasskraft gir berre 3 g pr. kWh. Ingenting slår vasskraft, når det gjelder miljø eller pris. Vatn har vi nok. Norges ulike såkalte miljøtiltak kostar enormt, men betyr for klima null, og er slik sett tull. 

Men norsk subsidiert vindkraft skal hjelpe Tysklands overgang til fossilfri energi, seier kraftselskapa som vil tjene penger på dette. Men det Tyske energiewende er ein total fiasko,- fordi sol og vind er ineffektiv og ustabil kraft, som i praksis må bakkes opp med reservekraft,-mykje reservekraft, -som i Tyskland enten kan komme frå gasskraft eller kolkraft. Eller, hvis Norge bygger ut nok ustabil vindkraft til innenlands forbruk, kan Tyskland få kjøpe norsk overskudd av stabil vasskraft. Men det er behov for så store mengder at det som kan importeres frå Norge knapt er merkbart. Resultatet av vindkraftsatsinga i Tyskland er at dei no må ha dobbel elforsyning mens CO₂ utsleppa har auka og kolkraftverka surrer og går som før, -og det må dei, for å unngå fullstendig kollaps. Tyskland hadde stabil, billig elektrisk kraft. Etter å ha brukt 1000 milliarder Euro, har Tyskland no ustabil, dyr elektrisitet. I tillegg har dei rasert naturlandskapet i store områder. Alt til ingen nytte.

Men det verste med utbygginga av unødvendig vindkraft i Norge er at det forutsetter at strømprisen i Norge skal vera langt høgare enn nødvendig. Høg strømpris er motivet bak den storstilte utbygginga av strømkablar til utlandet. Uten overflod av strømkablar til utlandet, ingen vindturbiner. Dette er eit ledd i ein globaliseringspolitikk der profitt for kraftselskapseigarane tel meir enn nasjonale omsyn. Det seies at eksport er bra for landet, også eksport av strøm,-men det som da underslås er at 90 % av landets produksjon av strøm selges til norske forbrukere. Når strømprisen med hjelp av strømkabler og politiske tiltak er det doble av det nødvendige, er dette ein form for ekstraskatt pålagt alle oss som bruker strøm her i landet. I tillegg betyr dette at Norge gir frå seg sin fremste fordel, industri bygd på stabil rimelig strøm frå rein vasskraft.

Senterpartiet går inn for nasjonal sjølråderett, og er imot overstyring fra utanlandske selskap og organisasjoner. Senterpartiet seier t.d. nei til ACER, som vil hindre norsk sjølråderett over energiforsyninga. Dermed er det opplagt at SP går imot slike globaliseringsprosjekt som vindturbiner eigd av Tyske pensjonsfond, Google, Facebook, osv.

Vi trenger ikkje vindturbiner i Norge. Vi har den krafta vi trenger frå vasskraft, og hvis vi vil ha meir, har vi ein stor unytta rimelig reserve i oppgradering og utvidelse av dei vassmagasin og dei kraftstasjonar vi har. Vi har allerede det som er det billigaste og det beste på alle måtar. 

Norges land er ikkje tjent med kunstig høge strømprisar. Norge er ikkje tjent med kommunar som steller seg slik at dei har deler av inntekta si knytt til kunstig høge strømprisar for alle brukarar av elektrisk strøm.

Norge er heller ikkje tjent med politikarar som ikkje skjønner dette. – Vi veit meir enn nok for stemme nei til å bygge ned landet med vindturbiner som vil føre til ustabil forsyning, samt låse strømprisen på eit høgt nivå. Derimot veit vi ikkje nok om kva Aure sine politikarar vil gå inn for i denne saka. Særleg er Aure senterparti på gyngande grunn her, da ledelsen har gjort oss usikre på om Aure SP støtter partiets hovedlinje her, eller om egeninteressene bestemmer. Dette burde potensielle senterpartiveljarar få rede på før valget. Hvis ikkje kan mange meine det er tryggest å stemme på andre.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags