Lenge leve Aure!

Av
DEL

LeserbrevViser til det gode lesarinnlegget skrive av ein person som er råka av den grusomme sjukdomen mb Parkinson.

Alle vi som arbeider i helsevesenet veit at Aure er ein god plass å koma til om ein td er så uheldig å ha nevnte nevrodegenerative sjukdom. Det er så urettferdig at leiinga i helseforetaket trugar med å leggja ned denne staden. Dei burde heller spare pengar ved å slanke administrasjon og byråkrati.

Parkinsonpasientar opplever forverring av negative symptom om dei vert utsette for stress. Dei som er stive får da ingenting til, og dei som skjelv ristar enda meir. Ro, fred og at livet er litt forutsigbart er godt for ein med Parkinson.

Å veta at ein har Aure om sjukdomen trugar med å gjera tilveret surt er særs godt for desse pasientane. Ein fysioterapeut i kommuna eller ein fysioterapeut i somatisk sjukehus kan sjølvsagt hjelpe litt, men Aure har spesialisert seg på denne sjukdomsdiagnosa og har eit opplegg og tilpassa lokaler som pasientane nyt godt av. Så ja, Aure må bestå!

Har eg tillit til direktør Remme & co når dei vil leggja ned Aure? Nei! Har eg tillit til styret i Helse Midt som stille toar sine hender vel vitande om at der er mykje pengar på bok? Nei! Har eg tillit til helseministeren som ikkje torer å skrote helseforetaka sjølv om han som opposisjonspolitikarar ville gjera det? Nei!

Er eg glad over at vi i Møre og Romsdal har politikarar frå regjeringspartia som seier at dei vil bite seg fast i denne saka og nekte å godta at Aure, Mork eller DPS på Sjøholt vert lagde ned? Ja!

Takk til Dykk av politikarane som kjempar pasientane si sak! Det er politisk vilje som skal til!

Turk sentraliseringsskodda or augo, brett opp ermane og skrot helseforetaka - ASAP!

PS! Det som er så utruleg bra med både Aure og Mork, i tillegg til stor fagkompetanse, er kor flott desse rehab.sentra ligg i naturen. Dette gjev både fysisk og psykisk medisin til brukarane og på ein heilt annan måte enn om rehab sentra var lagde til store sjukehusbygningar i tettare strok.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags