Rehabiliteringstenesta i Møre og Romsdal - Reduksjon av heildøgnstilbod

Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter

Av
DEL

LeserbrevSom tidlegare saksbehandler for Rehabiliteringstenesta for mange år sidan, har eg fulgt med på utviklinga i faget/tenesta. I tillegg har eg hatt familiemedlemer som har hatt alvorlige hjerneslag, og som har hatt svært god nytte av det spesialiserte rehabiliteringstilbodet. Eg vil derfor skissere ei av desse pasienthistoriene no då tenesta står i fare for å bli rasert bort. Denne personen er død, men vi snakka om å skrive denne historia då det var snakk om å legge ned Nevrohjemmet for nokre år sidan, og vedkomande ga sin tillatelse til at det kunne publiserast.

Det har sjølvsagt vore medisinsk utvikling som har ført til at pasientar får bedre behandling og mindre sekveler (følgetilstand) etter alvorlige sjukdomar. Likevel er det framleis mange som treng spesialisert rehabilitering over tid, og ikkje alle kommunar har greidd å bygge opp gode nok tilbod til desse pasientane. Det er heller ikkje å vente på bakgrunn av kommunane sin størrelse, og tal pasientar som treng dette tilbodet.

Så til historia:

Ein vanlig arbeidsdag seinhaustes i 1997 fekk eg ein telefon. Min bror på vel 60 år var innlagt på sjukhuset i Ålesund medvitslaus. Funnen i bilen sin på arbeid (var dyretransportsjåfør). 113 var kontakta og dei sendte helikopter å henta han.

Sjølvsagt reiste eg rett til sjukehuset, og det viste seg at han hadde hatt ei hjerneblødning, og fekk ei ny større neste dag. Han sveva mellom liv og død i 3 veker, og livet vart redda.

Min første tanke når han tydelig var våken og ikkje greidde å snakke eller lee på ein einaste muskel var: «kva har han overlevd til»? Men livet var der, flinke fagfolk rundt, og familie og vener som stilte opp på besøk kvar dag. Dette ga også han støtte til å stå på. 2 månader etter slaget kom han til Nevrohjemmet rehabiliteringssenter som den gong var ein del av rehabiliteringstenesta i Møre og Romsdal. Han måtte matast med teskjei, og måtte ha hjelp til aboslutt alt.

På Nevrohjemmet var det flinke folk. Tverrfagleg spesialisert rehabilitering. Ei fantastisk god hjelp fekk han der. Etter 4 månader der kunne han gå med rullator når vi henta han, og køyrde han heim til hans eige hus. Hardt arbeid frå alle hald hadde gitt eit fantastisk resultat. I planlegginga av heimreisa hadde vi møte med heimetenesta, Nevrohjemmet og han sjølv med nokre i familien heime i huset. Det var foreslått å ta bort dørstokkane til han kom heim. «Eg skal løfte føtene over når eg kjem heim» var beskjeda. Det lykkast, og dørstokkane vart aldri fjerna. Kommunen kunne stille opp med heimeteneste og evt. dagsenter. På dagsenteret var det berre gamle fok, så dit ville han ikkje. Dette var i mai 1998. Han budde i huset sitt til september 2016, med hjelp av heimetenesta. Eit par gongar var han inne til rehabiliteringsopphald på Mork og eit par gongar på Skogli på Lillehammer. Nokre gongar reiste han til Solgården i Spania på rehabiliteringsopphald der.

I mange år var det lite hjelp frå heimetenesta, men dei vurderte etter som behovet endra seg. Etter som åra gjekk vart han jo også gamlare, og fekk dermed tap av funksjonar som gjerne kjem med alderen. Hausten 2016 nytt slag, behov for institusjonsplass, og døde etter eit halvt år.

Om ein skal tenke samfunnskostnader her så er det ikkje tvil om at resultatet av dei intensive månadane på Nevrohjemmet ga eit resultat som har spart samfunnet for store kostandar. I tillegg til besparelsar i kroner for det offentlige, er det klart at det å få bo heime i eige hus og greie seg sjølv i kvardagen, kunne reise på turar og delta i samfunnslivet har stor betyding for det enkelte menneske.

Mitt ønskje og råd til dei som skal bestemme over helsekronerne er derfor: Finn andre stadar i spesialisthelsetenesta der kroner kan sparast. Eg tillet meg å minne på at den gongen spesialisthelsetenesta vart overført frå fylkeskommunane til Staten, og omgjort til helseforetak så vart tilsette i fylkeskommunane betalt for å slutte. Dette pga at departementet var redd for at det skulle bli med for mange byråkratar over til Helseforetaka. Har det nokon gong vore fleire byråkratar i spesialisthelsetenesta enn no?

Dessverre er Nevrohjemmet rehabiliteringssenter lagt ned for fleire år sidan. La det ikkje gå same vegen med Mork og Aure. La desse institusjonane få vidareføre det gode arbeidet som vert gjort der.

Alle kan vi bli i behov for desse tenestene. Den neste kan bli eg eller du.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags