FrP krev fortsatt drift på Aure, Mork og DPS Sjøholt

Av
DEL

Meninger«Det finnast ikkje ein forsvarleg grunn, for å leggje ned rehabiliteringssentera på Aure, Mork eller DPS et på Sjøholt».

At leiinga i Helse Møre og Romsdal seriøst kan meine, at ein skal kutte tjenestar nærmast mulig innbyggjarane og på områder som råkar sterkt utsette grupper, er omlag som å «skjere av seg haka under barberinga».

Dette minner meg om same taktikken som fylkesrådmannen har fremma i fylkeskommunen. Mykje enklare å seie opp en lærarassistent på skular, bussjåførar osv, enn å kutte i stillingar av leiarar på fylkeshuset.

Nøyaktig det samme ser vi her i helseføretaket. Mykje enklare å kutte på grasrota, Aure, Mork osv, enn å gjere faktiske grep i drifta i mellom og toppleiinga, rasjonalisere drifta og ta grep om dette.

«I Helse Møre og Romsdal, råder humla suse, og det har det gjort i mange år». Møre og Romsdal FrP kjem til å følgje nøye med kva Espen Remme og leiinga i Helse Møre og Romsdal kjem med av forslag til sitt styre i Mars. Vi kjem ikkje til å sete stille og sjå på noko som helst forsøk på å rasere helsetjenestane her i fylket.

Når Helse Møre og Romsdal skal kutte ca 130-200 mill kr i eit budsjett på langt over 6 milliard, så er dette berre «dråpar» i omstilling, og vesentlig mindre enn dei fleste kommunar her i fylket har gjennomført.

Når ein også klarer å setje kun personar frå Sunnmøre, til å utgreie å leggje ned til dømes Aure rehabiliteringssenter,  vitnar dette om «null gangsyn» At det skal vere nødvendig å lage eit helsikes styr, og nøre opp om fogderistriden her i fylket, er ikkje noko dette fylket trenger akkurat no.

Vårt krav til leiinga i Helse Møre og Romsdal er fylgjande - FrP krev fortsatt drift av rehabiliteringssentera på Aure og Mork, og ingen endring av DPS et på Sjøholt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags