Vel møtt i døra, Frank Sve

Av
DEL

LeserbrevFrank Sve og Framstegspartiet er aktive i å henge ut andre parti i kva dei angiveleg har gjort og kjem til å gjere - men snakkar lite konkret om kva dei sjølve kjem til å gjere og har gjort.

Med omsyn til påstanden om administrasjon er det verdt å merke seg at sett i kroner per innbyggjar, så er faktisk Møre og Romsdal fylkeskommune blant dei fylkeskommunane som bruker minst på administrasjon. Til samanlikning brukar Sogn og Fjordane rundt 80% meir pr. innbyggjar og Trøndelag som er dobbelt så stort som Møre og Romsdal bruker og meir på administrasjon per innbyggjar.

Likevel så betyr dette på ingen måte at den fylkeskommunale administrasjonen er freda. I omstillingsprosjektet til fylkeskommuna, sett i ly av regionreform og den økonomiske situasjonen, skal ein effektivisere og gjere endringar i organisasjonen for å møte nye forventingar og krav som blir stilt. At ein før ein slik omstillingsprosess skal byrje å gjennomføre store kutt i administrasjonen vitnar om lite forståiing om korleis ein gjer vellukka omstillingar og nedbemanningar.

På same tid registrerer eg at Frank Sve og Framstegspartiet reiser rundt og freder vidaregåande skular, lover finansiering av ymse samferdselsprosjekt som for eksempel Hole-Engeset tunnellen utan bompengar - og at både takstane på ferjene skal haldast nede, medan frekvensen skal oppretthaldast.

Eg forstår at det er valkamp - og eg forstår at det er kjekkare å love innbyggjarane alt dette, men når skal ein forvente at einskilde tek ansvar? I Sunnmørsposten har Frank Sve trukke fram at han er den lengstsittande i det nye fylkestinget om han blir vald. Som ein av dei øverste og best lønna politikarane i fylkeskommuna over lang tid, veit Sve like så godt som meg at den økonomiske situasjonen til fylkeskommuna er graverande. Forskjellen er at Sve har vore med så lenge at han har hatt tid til å gjere noko med det.

Blant anna seier revisjonsfirmaet BDO i ein rapport til kontrollutvalet at prognosane for dei neste ti åra truger den økonomiske berekrafta i fylkeskommuna. Ein vil over tid ikkje vere i stand til å betene renter og avdrag på investeringane som er lagt inn i økonomiplanen. På same tid seier BDO si analyse at Nordøyveg-prosjektet belastar fylkeskommuna sin økonomi på ein slik måte at det må svært inngripande kutt i drift og andre investeringar for å kome i balanse. Om dette ikkje blir gjort, hamnar vi på Robek. Med Nordøyvegen må vi kutte driftsramma med over 10 prosent for å oppnå ein sunn økonomisk situasjon, med andre ord eit kutt på rundt 350 millionar.

Med omsyn til å ta ansvar - så er det verdt å nemne at Framstegspartiet stemte for Nordøyvegen, men mot kutt i antall medlemmar i hovudutvala, reduksjon av antall politikarar og i godtgjersla. Meinar Frank Sve at det berre er dei tilsette i fylkeskommuna som skal ta kutta, eller skal vi som politikarar og bidra til å "bere børa"?

Arbeidarpartiet har i denne valperioda oppretthaldt skulestrukturen - og går og til val på ein desentralisert skulestruktur. Dette endrar likevel ikkje det faktum at Møre og Romsdal fylkeskommune står ovanfor store økonomiske utfordringar i tida som kjem, og at vi alle må bidra til å ta grep som gjer at vi ikkje hamnar på Robek. På same tid veit vi at nesten 90% av budsjettet går til samferdsel og utdanning. Vi må vere ærlege på at grep må takast også innanfor desse sektorane. Framover må vi jobbe enno betre saman for dei gode løysingane, og sørge for at dei mest sårbare blir ivaretatt på best mogleg måte. Såpass ærlege må ein evne å vere med veljarane i Møre og Romsdal.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags