Venterom med skjenkeløyve?

Av
DEL

LeserbrevÅ halde rusmiddel borte frå trafikkmiljøa har vore eit prioritert område i edruskapsarbeidet i landet vårt. Kampen mot alkohol og alkoholservering på ferjer og tog var av dei store sakene rundt førre hundreårsskiftet, og på 1930-talet vart det innført promillelovgjeving for å halde unna alkoholbruken i den biltrafikken som var i ferd med å utvikle seg. Det dreidde seg om trafikktryggleik og trivsel både for samfunnet generelt og for sjåførar, mannskap og reisande. 

Men i dag synest mange at slike «punkt» i samfunnet der rusmidla bør haldast unna, ikkje lenger er nødvendig. Eit siste eksempel er den «lobbybaren» som kommunestyret i Surnadal med knapt fleirtal i 2018 ønskte å få til på Kulturhuset, i den same vestibylen som m.a. kulturskolen, kinoen og biblioteket brukar – og ikkje minst trafikkantane som reiser med Mørelinja. Det flotte venterommet som Møre og Romsdal fylkeskommune støttar økonomisk, har enda ikkje fått på plass «lobbybaren», og dei mest alkoholtørste synest ventetida er lang – sjølv om mange av oss skjønar at bussventerom med alkoholservering er nybrottsarbeid som ikkje er raskt å få effektuert.

Men no har samferdselssjef Arild Fuglseth uttala seg til avisa Driva (13/3-2019) på ein slik måte at han blir oppfatta som om saka er uproblematisk. Men så enkelt er det vel ikkje? Ser samferdselsavdelinga og fylkespolitikarane det verkeleg som ønskeleg at bussventerom og alkoholservering blir ein vanleg og støtteverdig kombinasjon?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags