Korleis store offentlege investeringsprosjekt vert til og kjem seg opp og fram mot finansiering og avgjerd om byggestart, er eit heitt tema. Diskusjonane endar ofte i ein kakofoni av skuldingar om maktmisbruk og kokelimonke i skjeringspunktet mellom politikk og fag.

Dette skjer sjølv om alt er gjort etter boka og i relativt ope lende. Delar av forskingslitteraturen på planlegging av såkalla megaprosjekt gir likevel debattantane mykje rett i at ulike former for makt kjem til uttrykk i prosessane. Makt kan til dømes brukast for å produsere fakta og kunnskap.

Ingen vil vel protestere på at viktige avgjerder må takast med utgangspunkt i faktabasert kunnskap?

Kven styrer?

I utgangspunktet er open og synleg avgjerdsmakt noko dei fleste av oss vanlegvis aksepterer. Nokon har makt over andre fordi ein i kraft av sin posisjon kan få gjennomslag for synet sitt - sjølv om den/dei andre protesterer. Dette er ein klassisk måte å definere grunnleggande maktforhold på.

Heldigvis har alle liberale demokrati mekanismar for å byte ut dei vi ikkje ønskjer skal ha denne typen makt. Kvart fjerde år kan vi byte ut politikarane våre. Og politikarar kan relativt enkelt, i dei rette posisjonane, byte ut eller nøytralisere folk nedover i systemet.

Kva manglar?

Det er når vi sklir over i meir skjult agendamakt problema oppstår. I ein normalt stressande kvardag kan det for dei fleste av oss vere vanskeleg å henge med i svingane. Ved å utelate noko frå dagsorden, utelet ein også ein potensiell konflikt. Og der konflikt manglar oppstår ofte einigheit.

Forskningsdagene

Forskningsdagene er en årviss og nasjonal festival i regi av Norges forskningsråd. I dagene festivalen pågår, formidles et vell av forskning til folk flest på gratisarrangementer over hele landet. Forskningskronikkene i TK denne uka er skrevet av forskere ved Høgskolen i Molde og deres kolleger ved andre institusjoner.

Kva om ikkje alt ligg, eller låg, på bordet? Eller låg det der, men vart i ein tidleg fase luka ut? Eit betre konsept, ein anna trasé eller ei anna tomt? Det var synd, men toget har gått. Vi er komne til The Point of No Return.

Korleis engasjere?

Får du i tillegg folk utanfor prosessane og politikken til å ønskje seg det same som deg, har du nådd toppen av maktnæringskjeda: makt til å begeistre; få folk til å ønskje seg med på laget. Vil byen, fogderiet, regionen eller landsdelen hamne i bakleksa dersom ein ikkje får på plass eit gitt ønska megaprosjekt? Taper vi i konkurransen med dei i Oslo eller dei i Kina? I valet mellom ulike løysingar gir svaret seg sjølv. Dersom du ikkje støttar opp om prosjektet er du både mot utvikling og ein smule kunnskapslaus.

Som Maggie Thatcher skal ha sagt det om sin versjon av marknadsliberalismen: There Is No Alternative!

Kunnskap er makt! (og makt er kunnskap)

Ein av opplysningstidas store filosofar, Francis Bacon, er kjent for sitt dogme om at kunnskap er makt. Kan vi også hevde at makt er kunnskap?

Professor Bent Flyvbjerg ved University of Oxford, ein ofte sitert ekspert på såkalla megaprosjekt, er ikkje i tvil. I kraft av å rå over makt og maktposisjonar, kan både planleggarar/byråkratar og politikarar definere kva som er gyldig kunnskap i ei sak. Og dermed styre prosessen fram mot endeleg budsjettering og oppstartsløyve.

Få det inn i prosjekt-lysløypa

Nøkkelen til å få eit etterlengta prosjekt på rett veg handlar dermed om å ha dei argaste folka med på laget i ein veldig tidleg fase. Dei som ser langt framover, og som forstår at det må jobbast med fleire parallelle prosessar samtidig. I første omgang treng du å få folk inn i dei rette politiske styringsposisjonane. Det er kanskje den enklaste jobben.

Deretter handlar det om å få kontroll på kunnskapsutviklinga. Megaprosjekta lever eit langt liv før det i det heile tatt er sett ein einaste spade i jorda. Altfor langt, vil nok mange hevde. I denne fasen handlar det om å få fram kunnskapsbasert fakta om samfunnsmessige behov, teknologiske løysingar og bruk av ressursar i vid forstand.

Neste steg er å få så mange som mogeleg til å reprodusere nokre få, kunnskapsbaserte, kulepunkt knytt til ditt ønska alternativ. I alle kanalar. Få gjerne ein av dine topp-politikarar til å seie det same med jamne mellomrom. Er du heldig vert bodskapen overlevert til stadig nye generasjonar i opinionen. Det er som med barnesongane. Dei lever vidare.

Kontrollspørsmåla

Først når ei avgjerd står seg mot kritikk kan den seiast å vere både rasjonell og legitim. Politikarar, byråkratar, konsulentar og kvalitetssikrarar må difor stille seg desse grunnleggande spørsmåla:

Står dette arbeidet seg mot kritikk? Vil det tole ei eventuell gransking i ettertid?

Ekspertane – dei med makt til å vite – torer dei å seie kva dei meiner? Ikkje om du spør professor Flyvbjerg og andre forskarar innan dette feltet. Dette er The dark side of planning, med relasjonar/bindingar og stort press frå ulike interessentar og aktørar.

Ingen byråkrat, ekstern konsulent eller kvalitetssikrar med vitet i behald vil finne på å lyge om kva som er mogeleg eller ikkje. Langt mindre legge fram ukorrekte tal og berekningar. Men kven ga oppdraget? Kva låg i mandatet? Kva står mellom linjene i rapportane?

Så kva gjer vi?

Flyvbjerg & Co. i England er på saka. Det er også forskingsmiljø andre stader i verda - til dømes på NTNU og HiMolde. Både gjennomføringsmodellane, dei politiske prosessane, aktør- og interessenthandteringa, metodar for samfunnsøkonomisk lønsemd, usikkerheitsanalyser og trafikkberekningar er stadig under lupa.

Men likevel kan dysfunksjonelle prosjekt framleis sleppe gjennom - trass i tilsynelatande gode overordna system og metodesett for å fange opp og stoppe dei. Eller, om ikkje anna, styre dei på rett spor.

Så må ein også ta høgde for at det som framstår dysfunksjonelt i eitt perspektiv, kan verte opplevd som funksjonelt og godt i eit anna. Dermed kokar debatten ned til kva premiss ein legg for diskusjonen - og kven du spør. Og altså: korleis «boka» er skriven.

Den lett utolmodige realpolitikaren og hestehandlaren Kjell Opseth skal ha sagt det slik: «Systemet er eit monster.»

Les også

Bærekraft – en bevegelig blink

Les også

Populisme løser ikke nåtidens eller fremtidens utfordringer

Les også

Er høye strømpriser kun til besvær?