T-Forden endra verda. Med nokre av T-Ford-triksa kan Møre og Romsdal og «Norsk bærekraftsenter» også gjere ein forskjell.

Henry Ford revolusjonerte bilindustrien. Han var slett ikkje åleine om å lage bilar. Mange hadde kunnskapen, folka og bildelane som skulle til. Men Henry Ford sette dette i ein ny samanheng og enda opp med ein bilproduksjon som endra heile industrien, gjorde bilen til noko ikkje berre dei rikaste kunne eige og slik endra han også transportsystem og tankegang over heile verda.

Fylket vårt og dei tre store byane har gått føre når det gjeld berekraft. Vi har kunnskapen, folka og «delane». Dette kan vi no sette inn i ein ny samanheng og endre produksjonen av berekraftige løysingar og forretningsmoglegheiter slik at vi kan endre system og tankegang over heile verda.

Berekraftsfylke nummer ein

Møre og Romsdal fylkeskommune har etablert seg som berekraftsfylke nummer ein. Som første fylke i landet har vi brukt FNs metode for berekraftskartlegging inn mot alle våre kommunar. I tillegg har alle dei tre største byane gjort ei større analyse ut frå same metode. Dette har ført til prosjekt og satsingar for berekraft, saman og kvar for seg.

I Ålesund har ein Framtidslaben med 90 partnarar frå næringsliv, offentleg sektor og akademia som samarbeider, deler kompetanse og konkrete prosjekt for å sette fart på berekraftig utvikling. Saman med Sula kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har ein også The North West AS, som har vorte ein tydeleg og nasjonal aktør i samfunnsdebatten rundt berekraft.

Alt dette vekkjer interesse langt utover fylkesgrensene.

Politikarar og administrasjon i Møre og Romsdal

Molde kommune har satsa på program som Smart Molde som skal bidra til at ein i samarbeid med innbyggjarar, næringsliv og akademia tek i bruk berekraftige løysingar og metodar, for å gjere Molde til ein betre stad å leve, bu og arbeide. I tillegg har kommuna saman med Møre og Romsdal fylkeskommune etablert Molde bærekrafthub - et kompetansemiljø knytt til meir berekraftig planlegging, drift og vedlikehald av bygg og eigedom.

Kristiansund kommune har mellom anna markert seg når det gjeld system for å ta i bruk berekraftsmåla i plan og styringssystem. Dei er ein føregangskommune for korleis berekraft skal gjennomsyre strategisk planlegging, budsjettarbeid og mål og resultatstyring.

Med på laget er også Statsforvaltaren som har vore ein sentral støttespelar og mellom anna gjort det mogleg å gjennomføre FN-metoden over heile fylket. Og sist, men slett ikkje minst, har vi drahjelpa og kunnskapen frå United Cities, FNs program for smarte og berekraftige byar, som no også har etablert seg i Norge, i Møre og Romsdal.

Verdikjede av aktivitetar

Alt dette vekkjer interesse langt utover fylkesgrensene. Vi har alt frå konkrete prosjekt til langsiktig forskingsarbeid på gang. Samla sett ser vi konturane av eit heilskapleg konsept for korleis ein region kan strukturere arbeidet og mobilisere til berekraftig samfunnsutvikling.

Det er dette som gjer at vi no ønskjer å ta endå eit steg vidare, sette i system og straumlinjeforme produksjonen som Henry Ford gjorde det.

Vi ønskjer no å samle det vi gjer i eit felles senter: «Norsk bærekraftsenter» med eigarar både frå offentleg sektor og frå næringsliv. Dette fordi felles eigarskap til utfordringa er avgjerande for at det skal vere praktisk mogleg å nå berekraftsmåla innan 2030. Senteret er tenkt som eit ideelt aksjeselskap eigd av partnarar frå det offentlege og privat sektor, frå akademia, organisasjonar og finans med ei økonomisk berekraftig drift, uavhengig av driftstilskot frå eigarane.

Senteret skal levere:

1) Måling og evaluering. Dele og utvikle kunnskap om data, målingar og bruk av teknologi for å skape forståing og gjere det enklare å ta gode val for samfunnsutvikling.

2) Simulering og strategisk planlegging. Simulere ulike framtidsbilde for at politikarar, industri og innbyggarar enklare kan forstå konsekvensane av vala dei gjer.

3) Kompetanse og leiarutvikling. Læringsprogram basert på United Cities-program til alle som er byleiarar; ordførarar, toppleiarar, administrerande direktørar, leiarar og samfunnsaktørar.

4) Prosjektutvikling og finansiering. Rettleiing og opplæring i å iverksette og gjennomføre prosjekt med fleire partnarar i tillegg til bistand til ulike finansieringsløysingar.

I dialog med finanssektoren er det og ambisjon om å etablere eit berekraftsfond.

Eit berekraftssenter vil styrke satsinga vi har kvar for oss slik at vi få meir ut av innsatsen.

Politikarar og administrasjon i Møre og Romsdal

Vi har no ein unik mogelegheit for at dei tre største byane i Møre og Romsdal, saman med Sula, står samla rundt ei satsing som er viktig både for fylket, for Norge og for resten av verda. Å saman gå inn på eigarsida i Norsk berekraftsenter vil i så måte vere ei viktig symbolsk handling.

NHO har også vore tett på arbeidet, og seier dette er den rette vegen å gå for å sette fart i utviklinga av berekraft i samarbeid med næringslivet. Vi har eit næringsliv som på mange felt er verdsleiande, og som også forstår at samarbeidsformer på tvers kan vere det nye konkurransefortrinn.

Får meir ut av innsatsen

Eit berekraftssenter vil styrke satsinga vi har kvar for oss slik at vi få meir ut av innsatsen. Vi har allereie fått effekt ut av dagens samarbeid, noko som gjer at vi når gjennom nye nålauge når det gjeld forskings- og utviklingsmidlar, og vi posisjonerer oss godt for dei verkeleg store EU-tildelingane. I tillegg ser vi aukande etterspørsel etter hjelp til prosess og metode frå små og mellomstore bedrifter, frå kommunar og offentlege aktørar. Vi må samle oss dersom vi skal kunne tilby dette.

Det å halde på den nasjonale posisjonen vi har fått som berekraftsfylke nummer ein er viktig for attraktivitet og omdøme. Då vil T-Ford-trikset med eit berekraftssenter som kan samordne og straumlinjeforme arbeidet vere avgjerande.

Suksess som verda treng

I tillegg til å revolusjonere bilindustrien er Henry Ford også kjent for eit sitat:

«Å møtast er begynnelsen, å halde i lag er framsteg og arbeide i lag er suksess».

Der er der vi er no. Vi har møttest og halde i lag i fleire samanhengar. No er vi klare til å verkeleg arbeide i lag. Vi har kunnskapen, folka og «delane». Dei ønskjer vi å sette inn i ein ny samanheng i «Norsk bærekraftsenter» og skape både forretningsmoglegheiter og løysingar som verda treng.