Gå til sidens hovedinnhold

Maritim krigshistorie på museet

Jon Storløkken er søndagens kåsør på museet i Bøfjorden

Hans tema er trafikken over Nordsjøen til Skottland og Shetland under krigen.

–Shetlandsgjengen har vore mykje omtala, seier Jon.

Han kjem inn på surnadalskjenningen J. Ch. Musters si rolle og trekkjer fram kjende skuter som deltok i denne motstandsrørsla.

– Mindre kjend og påakta innsats er etterretningsverksemda knytt til basen Peterhead i Skottland. Også her var fiskeskøyter i bruk - under vanskelege forhold og med høg risiko, fortel kåsøren.

Bilete av skuter og sentrale personar blir å sjå under programmet. Kjøkenet byr på kaffe. Ein får kjøpe lodd og kulturprodukt til støtte for arbeidet i Bøfjorden Historielag. Vanlege smitteverntiltak gjeld på museet.

Kommentarer til denne saken