Mardøla, Alta og ... ?

Vedtak må ha legitimitet. Derfor blir det bråk på Haramsøya, skriv Øystein Folden i Naturvernforbundet.

Vedtak må ha legitimitet. Derfor blir det bråk på Haramsøya, skriv Øystein Folden i Naturvernforbundet. Foto:

Av
DEL

MeningerSommaren 1970 sto det eit etter måten stillferdig slag om Mardøla. Store utbyggingsinteresser var ute etter vatn. På den tida var det vanleg at «framsteget» tok for seg av vassressursane. Men det murra, alle var ikkje samde i at det skulle gå føre seg på denne måten. Første akt enda med at politiet måtte bere bort ein del demonstrantar. Det blei sett inn stoppekran på Mardalsfossen.

Same året kunngjorde NVE planar om å bygge ut Altavassdraget. Sommaren 1979 var det mykje folk som drog til Alta for å stoppe vegbygginga til damanlegget, og saka måtte gå ein ny runde i Stortinget. Vinteren 1980-81 drog det seg til med hotellskip på hamna i Alta og hundrevis av politifolk for å ta hand om demonstrantar som hadde lenka seg fast for å stoppe damanlegget. Telt blei slått opp framfor Stortinget, og folk svoltestreika så det gjekk på helsa laus.

Dammen i Alta blei bygd. Slaget blei tapt, men vernesida vann likevel saka. Styresmaktene har innrømma i ettertid at utbygginga var feil. Samefolket har fått klarare rettar i samfunnet. Organisasjonar som Naturvernforbundet fekk klagerett i denne typen saker. Utbyggarar og styresmakter har fått litt greiare magemål. Ei stund.

Men styremaktene har jo ikkje lært. No, 50 år etter Mardøla, held NVE framleis på i den tru at straum må vi ha same kva. NVE sitt vedtak om forlenga byggefrist for vindkraftanlegget på Haramsøya utan ny full handsaming blei gjort så stille som råd. Ny kunnskap om produksjon har ført til nye løysingar og betre økonomi for utbyggar, men ny kunnskap om natur og miljøverknader førte ikkje til krav om nye undersøkingar. Dette godtek ikkje folket lenger. Natur og miljø har blitt viktigare for folk. Folk er viljug til å slost for slike kvalitetar no. 50 nye medlemmer har Naturvernforbundet i Møre og Romsdal fått i mai månad. Det går ein vind.

Dei fleste utbyggarane har gått stille fram når dei skaffar seg rettar. Så langt borte frå staden bur dei også, at dei ikkje treng møte verknaden av det dei gjer slik til dagleg. Ei utbygging blir berre spørsmål om det kjem kroner inn i lommeboka. I ein del høve ser ein at kreative løysingar gjer at inntektene går ut av landet også. Det gjer ikkje at folket ser blidare på prosjekta.

50 år etter slaget om Mardøla står det no eit nytt slag på Haramsøya. Sjølv om Stortinget og regjeringa har all makt, kan dei ikkje bruke denne makta utan at folket godtar det. Vedtak må ha legitimitet. Ei rad vindkraftsaker dei siste par åra har blitt oppfatta som «lureri» frå utbyggarar og styresmakter si side. Vi ser no det same som skjedde i Mardøla og Alta. Det kan hende vindkraftanlegget på Haramsøya blir bygd. Men det vil i ettertid bli oppfatta som eit stort feilsteg. Det er snart tid for ein ny siger til naturen og miljøet. Styresmaktene kan først som sist legge om stilen, slik at desse sakene blir handsama basert på kunnskap, utan at utbyggarinteressene blir sett i framsetet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags