- Ferja skal bruke nynorsk

Fredrik Hope, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom.

Fredrik Hope, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom.

Artikkelen er over 4 år gammel

Norsk Målungdom glade for avklarering frå Språkrådet.

DEL

I januar sende Norsk Målungdom spørsmål til Språkrådet om kva språk som skal nyttast på ferjer i nynorskområde. Saka starta då Norsk Målungdom reagerte på bokmålsbruken på Anda-Lote og Lavik-Oppedal. No har isen fere frå fjorden, og Språkrådet har svara: Ferjene skal ha skilt og informasjonsopplesing på nynorsk.

- Dette er rett og rimleg, seier Fredrik Hope, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom.

- Språkrådet har slått fast at Mållova gjeld både til lands og til vanns, og vi ventar at Norled, Fjord1 og dei andre ferjedriftarane fylgjer opp, seier han.

Språkrådet skriv i sitt svar at ferjer som går mellom to kommunar med nynorsk som tenestemål, skal bruke nynorsk. I svaret pressiserer dei at ferjene mellom Anda-Lote og Lavik-Oppedal skal vere nynorskferjer, sidan ferjene går mellom nynorskkommunar.

- Her må ordførarar i nynorske ferjekommunar fylgje opp, og passe på at veljarane får sjå språket sitt der dei har krav på det, seier Hope.

Både Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Statens vegvesen fekk tilsend brevet frå Språkrådet.

- Dei som driv ferjene i fylket forvaltar i røynda eit stateleg tilbod. Tydlege språkkrav og god oppfylging frå dei som lyser ut desse tilboda er viktig for at nynorskbrukarane sine språkrettar skal verte realisert, poengterer målungdomen.

Språkrådet har dessutan uttalt seg om kva reglar som gjeld for snøggbåtar i nynorskområder.

- Her legg dei til grunn at dei same prinsippa skal gjelde for både ferjer og snøggbåtar, sjølv om Mållova ikkje gjeld på same måte for snøggbåtar. Her må nynorskfylka vere språkmedvitne når dei skriv anbodstekstar. Det vil gagne både nynorsken og nynorskbrukarane, seier Fredrik Hope.

Artikkeltags