Den 12. mai kunne vi sjå i Tidens Krav at det låg måke på reir på Campus-tomta i Kristiansund. Det kunne bli eit problem, var det nokon som sa.

Campus er verken skipsverft eller naust. Kvifor må dette bygget ligge i sjøkanten der det bur nokon frå før? Og viss det absolutt er slik at Campus berre må vere der, kvifor er det ikkje då sett krav om ein del tiltak, i form av at byggeverksemd skal skje på tidspunkt då måker ikkje ligg på reir? Gjerne også at det blir høvelege reirplassar på bygget når det står ferdig. Slik det såg ut i området i starten av mai så var det ikkje det minste overraskande at måker ville legge seg på reir.

Er det ikkje slik at Campus i Kristiansund skal huse hovud som anten er kloke frå før eller skal bli det? Noko av det første av det ein bør lære seg er at naturen treng å vere natur. Viss vi skal trenge oss inn på naturen, må vi finne oss i å innrette oss slik at naturen framleis skal vere der.

Lærer aldri

I dette høvet ville ein tidlegare eller seinare byggestart løyst måkeutfordringa. Men når ein planlegg slike prosjekt som dette og ender opp med å fjerne reira maks fire dagar før vanleg rugetid er gjennomført, då er det kanskje ikkje rart at artar hamnar på raudlista. Då er det ikkje jaginga av måkene i Kristiansund 8.6. som er største problemet, men ymse næringar og forvaltingsorgan som ikkje ser så langt fram i tid at dei kan unngå slike ting som dette. Det mest provoserande er at slike ting skjer gong etter gong, at dei ansvarlege ikkje lærer.

Raudlistestatus

Dette burde ikkje ha vore noka sak på viltforvaltaren sitt bord. Men når viltforvaltaren først skal gjere ein jobb, bør han ha orden på raudlistestatusen for gråmåke. «Det er opplyst at det gjelder gråmåke, som er en art som er tallrik og ikke er inne med spesielt vern på rødliste», skriv viltforvaltaren. Bileta viser i det minste gråmåke. Artsdatabanken si raudliste frå 2021 fortel: «Gråmåke (Larus argentatus) vurderes til rødlistekategori sårbar VU, på bakgrunn av overvåkingsdata og observasjoner og basert på kriteriet A2 (30-50 % reduksjon i bestandsstørrelse de siste tre generasjoner).»