Lyg du, Rasmussen?

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Kommentar til Rasmus Rasmussen sitt lesarinnlegg i Tidens Krav (tk.no) 23.09.20: «Om bestilte konklusjoner og redaksjonen i Tidens Krav.»

Du skriv: «Den oppslutningen som Bunadsgeriljaen opparbeidet seg var imidlertid basert på falske premisser. De oppnådde landsdekkende sympati for det som tilsynelatende var en kamp for de fødende, men som altså viser seg å være en kamp for å stoppe byggingen av et nytt sykehus."

Det er løgner som dette som gjer deg totalt uinteressant å lese, Rasmussen. Denne løgna er påpeika tidlegare, men du berre gjentar henne likevel. Dette seier det meste om seriøsiteten din, og det som framstår som di anti-nordmørske grunnhaldning. Så denne gong hadde eg tenkt å oversjå di historieforteljing, då eg rekna med å ha høyrt henne før. Og med mitt "avhengighetsskapende sinne" tenkte eg at eg ikkje hadde godt av å lese meir av dine antinordmørske historier. Som sjølv ein sunnmøring finn usmakeleg.

For å gjenta: Den spontane grunnen til at Bunadsgeriljaen vart oppretta var å berge fødeavdelinga i Kristiansund. At dette undervegs utvikla seg til å kjempe for at sjukehuset i Kristiansund skulle oppretthaldast, gjer ikkje at oppslutnaden som Bunadsgeriljaen har oppnådd har skjedd på falske premissar. Bunadsgeriljaen sitt engasjement har heile tida vore åpe og formidla til medlemane i åpne kanalar, og størstedelen av medlemane kom til etter ei utviding av engasjementet.

Å stogge byggjinga av eit nytt sjukehus har aldri vore Bunadsgeriljaen sin intensjon, men derimot å oppretthalde sjukehuset i Kristiansund.

Og du snakkar om falske premissar!

Er dine refererte uttalar eit uttrykk for at du ikkje har forstått kva Bunadsgeriljaen står for, eller er dette rett og slett ei blank løgn, Rasmussen?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken