Fylkesadministrasjonen foreslår å legge ned tilbodet om påbygging og tilbodet om helsearbeidarfag.

Eg vil gi mi fulle støtte til merknad til saksframlegget frå rektor ved Surnadal vgs, Hilde Andersen.

Helsefagarbeidarfaget er svært viktig for Surnadal kommune og for framtidig rekruttering til helsesektoren. Alt tyder på at behovet for denne kompetansen vil auke kraftig i åra framover. Vi har difor i år dobla talet på lærlingeplassar; frå 3 til 6. Vi har også kommunestyrevedtak på at det skal leggast til rette for at tilsette utan fagkompetanse skal kunne gjennomføre fagutdanning, noko vi ønskjer å samarbeide med Surnadal vidaregåande om å få til. Vi veit at søkjarar på helsefag med små barn, kan ha utfordringar med å følgje opplæringstilbod på andre skular.

Det kan vere fleire årsakar til lågt søkjartal, det har vore to år med pandemi og lite praksis for ungdommar i helsetenestene våre, men løysinga er ikkje å legge ned lina! Det må tvert imot arbeidast for å auke søkjartalet. Og så er det positivt at søkjartalet på helsearbeidarfag og barne- og ungdomsarbeidarfag til saman utgjer ein heil klasse og at ein i praksis brukar lærarressursar på tvers.

Tilbodet om påbygging må oppretthaldast! Påbygging er ein rekrutteringsveg frå yrkesfag til høgare utdanning som er positiv for lokalt næringsliv og det offentlege ved at elevane har kjennskap til lokal arbeidsmarknad. Tilbod om påbygging er også ein motivasjon til å søkje på yrkesfag. Det er god søknad på påbygging, og tilstrekkeleg for å oppretthalde ein halv klasse. Erfaring viser også at fleire søkjarar kjem til etter kvart.

For ungdommane våre, for vaksne med ønske om fagkompetanse og for lokalsamfunnet vårt, er det avgjerande med ein framtidsretta vidaregåande skule!

Les også

Surnadal VGS: – Linjene må opprettholdes