Løgn og falske profetar

Lars Valderhaug

Lars Valderhaug Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Rasmussen, du omskriv og tolkar mine uttalar slik det passar deg, trekkjer slutninger av dei det ikkje er grunnlag for, innrømmer ingenting, utvidar temaet for debatten, og held fram med din patetiske kamp mot Bunadsgeriljaen på eit syltynt konspiratorisk grunnlag. Å halde fram med å korrigere dine tolkingar av det vi står for gir ikkje lenger meining, og må også fortone seg som uoversiktleg for lesaren.

Du har nokre læresveinar som fylgjer deg i tjukt og tynt i avisene sine kommentarspalter, nokre av dei som reine nett-troll. De forgiftar tilhøvet mellom Nordmøre og Romsdal, og fyrer opp under den giftige fogderikrigen. Det verkar som om de kun er ute etter å fordele skuld, og berre er interesserte i å sjå bakover på nordmøringane sine klanderverdige haldningar og handlingar sett med skylappar ifrå Molde. Eg påstår ikkje at det ikkje er gjort feil frå Nordmøre i sjukehussaka, men hald deg til tema utan å gjenta denne historia som vi har høyrt så mange gonger før. Og eg påstår ikkje at det ikkje finnast nett-troll på Nordmøre og. Men kven er det som driv fram denne hetsen i media, og nyttar nedsetjande og fornærmande ord om oss og det vi står for, både Bunadsgeriljaen og andre?

Eg kunne like gjerne ha skrive ei oppfylgjing av «Profetar i dress vs hyklarar i bunad», som eg skreiv i juli i fjor, altså kort tid etter at Bunadsgeriljaen vart stifta. Dette var eit tilsvar til deg og Sundsbø etter dykkar åtak på Bunadsgeriljaen i dykkar «klårsynte» og profetiske analysar av Bunadsgeriljaen og våre motiv, der de kunne fortelje oss meir om vår eigen organisasjon enn vi visste sjølv, og der du kalla oss for «hyklere i bunad.» Alt den gong påsto du at Bunadsgeriljaen sin verkelege agenda var å stogge byggjinga av eit nytt sjukehus. Akkurat som du hevda no, og som var utgangspunktet for denne ordvekslinga, og at dette skjer på falske premissar. Med eit slikt utgangspunkt, og med slike haldningar, er vel sjansen for ei meiningsutveksling som blir noko anna enn ein verdelaus og meiningslaus ordkrig tilnærma 0.

Du viser til ein uttale frå Kristiansund og Nordmøre Næringsforum. Dei har også ein annan bodskap, nemleg at fogderistriden må leggjast død. Er du samd i det, og tykkjer du at du bidrar til dette?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken