Løgn eller sanning?

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Tilsvar til «Hvem lyver, Valderhaug?» av Rasmus Rasmussen.

Du skriv at eg beklageligvis ikkje forstår «at om man skal opprettholde sykehuset i Kristiansund, så kan man ikke samtidig ha et felles sykehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset.» Kven er det som hevdar det då, Rasmussen? Ikkje eg, i alle fall! Og: «Å kjempe for å beholde sykehuset i Kristiansund er en kamp på falske premisser, når man samtidig hevder at man ikke vil stoppe byggingen av det nye fellessykehuset på Hjelset.»

Å vere i tvil om fellessjukehuset, eller endå å vere imot det, er då ikkje det same som å kjempe ein kamp for å stogge byggjinga av eit nytt sjukehus! Eit sjukehus som eventuelt ikkje blir eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal, men eit sjukehus primært for Romsdal. Medlemer av Bunadsgeriljaen har fleire gonger deltatt i den offentlege debatten om funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i Møre og Romsdal. Men Bunadsgeriljaen har ikkje ein einaste gong gått imot at Romsdal skal få nytt sjukehus. Vi har derimot uttrykt forståing og støtte for dette. Strategien med å hevde at «det er også blank løgn om noen skulle hevde ...» når eg ikkje hevdar dette kunne du også spart deg, og heldt deg til det eg faktisk hevdar. Slike teknikkar må du leggje frå deg om du er ute etter noko meir enn å provosere, krangle og kverulere (eller «debattere») for å «vinne» debattar.

Å leite etter konstruktive løysingar er betre enn å slå kvarandre i hovudet med argument frå sjukehushistoria. Å fordele skuld løyser ingen problem. Kanskje skulle vi heller bruke kreftene på å leite etter konstruktive løysingar som alle kan leve med?

(Dette innlegget erstatter innlegg publisert 1. oktober klokka 08.10. Red.)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken