Fekk pris for barnebok

Lars Mæhlre fekk barnelitteraturpris.

Lars Mæhlre fekk barnelitteraturpris.

Artikkelen er over 4 år gammel

Sunndalingen Lars Mæhle har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2014 for ungdomsboka «Landet under isen. Dødeboka.»

DEL

Nynorsk barnelitteraturpris har blitt delt ut sidan 1968, og det er Noregs Mållag som står bak prisen; eit diplom og 30.000 kroner i prispengar. Juryen har vore Margit Ims, Anne Skaret og Knut Åge Teigen.

- Tusen takk for prisen. Det er kjempestas. Dette handlar om to ting eg er oppteken av, både nynorsk og barnelitteratur, seier Lars Mæhle.

Venta lenge

Han hadde ingen sjølvsagt veg inn i nynorsken. Gjennom heile skulegangen hadde han bokmål, og fram til han var passert 30 år, hadde han skrive 7-8 manus på bokmål som vart blitt refuserte.

- Då var eg ein tur til Syden, og på den ferien skreiv eg ein kort tekst på nynorsk som eg sende til Samlaget. Eg fekk melding tilbake om at det var ei litt tynn forteljing, men dei gjerne ville lese meir, fortel Lars Mæhle, og dermed var han i gang.

Grunngjevinga

«Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2014 har skrive ei rekke bøker for både barn, ungdom og vaksne innafor ulike sjangrar. Juryen rettar merksemda mot den delen av forfattarskapen som rettar seg mot ungdom, og meiner at forfattaren skal ha heider for å ta dei unge som lesargruppe på alvor. Med vinnarboka viser forfattaren at det er muleg å skrive kvalitetsbøker for ungdom innafor fantasysjangeren.

Vinnarboka er ein imponerande og frittståande oppfølgjar til ein av forfattarens tidlegare romanar, og handlinga utspelar seg også denne gongen i det same universet som vart etablert i den første boka. Handlinga pendlar mellom ei (tilsynelatande) realistisk og ei fantastisk verd, nemleg bygda Smalvik og Landet under isen. På nytt trugar mørkret og undergangen innbyggjarane i det vesle bygdesamfunnet, og den utvalde må nok ein gong freiste å ta opp kampen mot dei vonde kreftene. Men sjølv om romanen isceneset det klassiske skiljet mellom godt og vondt som ein klar grunnstruktur i kampen til helten, utspelar handlinga seg i eit uoversiktleg univers, der det gode og det vonde ikkje er lett identifiserbare storleikar, ikkje ein gong i helten sjølv. Mykje av spaninga er knytt til nett dette, og ikkje minst formidlar romanen slik ein bodskap om å vurdere kritisk kva som er godt og vondt».

Artikkeltags