Gå til sidens hovedinnhold

Lite framtidsretta

MØREAKSEN er ein lite framtidsretta undersjøisk tunnel på heile 16 kilometer pluss tunnelane på land.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg har nyleg lese litt på nettavisa til Sunnmørsposten. Der er både Anders Riise og Sylvi Listhaug avbilda. Riise som representant for Høgre og Listhaug som representant for Fremskrittspartiet. Fremskrittspartiet har lenge vist flagg og sagt at dei ikkje vil gå inn for denne 16 kilometer lange undersjøiske tunnelen. Her vil eg seie meg samd med dette partiet. Med 9 års erfaring som buss-sjåfør og 40 års erfaring som bonde så meiner eg å ha litt grunnlag for å uttale meg i denne saka.

Eg har sett litt på landskapet i området. I dag går der ei ferje frå Brattvåg og til Dryna. Når no Nordøyvegen snart er ein realitet, så kan nok denne ferja flyttast lenger inn i fjorden til Ørsneset nord om Vatne. Der gjekk nemleg ferja før og over til Midsundområdet. Eg vil foreslå å la den gå på neset aust om Midsund. Avstanden frå Ørsneset og til Digerneset ved Skodje er berre 20 kilometer, men avstanden frå Digerneset og til Vestnes er heile 40 kilometer. Dette viser at ved å legge om trafikken så kan vi spare både tid og kilometer og ikkje minst slitasje på køyretya. Dette er også eit alternativ som ikkje har vorte vurdert av Helge Orten og hans kompani.

I år har eg også motteke ein del kalvar i fjøset og ein av desse har sjølvsagt fått namnet Helge Orten. No har eg gått og godsnakka med denne spesielle kalven, og eg har sett at han har starta med å gå litt meir i tankeboksa enn kva han tidligare har gjort. Etter kvart så har eg sett at politikarar er som kalvar flest, dei sparkar litt hit og litt dit utan å tenkje skikkelig igjennom vedtaka som dei gjer. Etter kvart så kan det nok gå mykje prestisje i vedtaka som vert gjort, og eg har eit visst inntrykk av at prestisje er det mykje av i forholdet til Møreaksen.

Tidligare samferdselsminister Kjetil Solvik Olsen ønska seg eit alternativ til Møreaksen, og i 2019 så vedtok Fylkestinget i Møre og Romsdal at Romsdalsaksen skulle utgreiast som eit alternativ til Møreaksen. No står det igjen å sjå om Møreaksen AS har fått den UHILDA KS1 utredninga som lovpålagt kvalitetskontrell for staten sine NTP finansierte prosjekt.

Det må det gå an å finne ut av også etter eit eventuellt positivt vedtak i Stortinget. Dersom mine opplysningar er rette, så er visst det ikkje tilfelle.

Kommentarer til denne saken