Gå til sidens hovedinnhold

Listig av Listhaug

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Frp-leiar Listhaug er svært ivrig etter å gjera seg sjølv og Frp synleg igjen. I eit valår der distriktspolitikk er så viktig for folk, gjer ho det ved å skulde Senterpartiet for løgn i distriktspolitikken. Slik prøver ho å få veljarane til å tru at Frp også er opptatt av dette.

Ja, det er listig, men det er heilt som forventa også. Det er lurt å angripe oss for politikken vi er aller best og mest synlege på for å få merksemd sjølv for dei same sakene. Eg håpar berre veljarane avslører ho kvar gong det skjer framover. For det kjem til å skje ofte.

Les også

Godt arbeidsliv gir sterkt næringsliv

Dårleg døme

Bakgrunnen for reaksjonen min no er ei større sak i VG den 13/7, «Lekser opp med Vedum». Der får Listhaug det til å framstå som om Frp er best på å kjempe for distriktsskular og mot høge ferjeprisar. Det første handlar om økonomien til kommunar og fylke, som Frp ikkje er spesielt opptekne av å styrke. Den konkrete nedlegginga av ei skuleavdeling i Vanylven som Listhaug nemner, er eit ekstremt dårleg døme dersom ho vil påstå at Senterpartiet ikkje kjempar for distriktsskulane. Men dårlege døme funkar gjerne godt i media.

Når det gjeld påstanden om løgn frå vår side, kan vi snu det heile på hovudet og spørre kor det vart av lovnaden Frp kom med før dei hamna i regjering i 6,5 år. Dei lovte nemleg gratis riksvegferjer. I staden presterte dei å auke ferjekostnadene og skape eit ferjeopprør langs kysten.

Frp har også underfinansiert ferjefylka så kraftig at desse har måtta spara inn på andre område, som på vidaregåande skule, for å oppretthalde ferjetilbudet. Likevel vil Listhaug prøve å få Frp til å framstå som eit parti som kjempar mot høgare ferjeprisar og skulenedleggingar.

Les også

Kva no for domstolane på Nordmøre?

Nærpolitireforma

Då Listhaug besøkte Vanylven saman med VG, burde dei forresten dratt innom det lokale lensmannskontoret. Etter den såkalla nærpolitireforma til Frps mange justisministrar har tre av fem tilsette forsvunne sidan 2015 og kontoret har sommarstengt fram til 25. juli.

Kva kan vi kalle lovnadene frå Frp om meir nærpoliti gjennom denne Frp-styrte reforma? Listhaug får sjølv avgjera om ho vil kalle det løgn. Resultatet av dei mange sentraliseringsreformene til Frp er uansett trist. No trengst det ei ny regjering med Senterpartiet ved roret, fordi vi faktisk bryr oss om heile landet, og ikkje berre driv markerings- og maskeringspolitikk.

Les også

Lensmenn og nordmenn på skraphaugen?

Kommentarer til denne saken