Konsulentstyrt demokrati?

Av

Er det Konsulentstyrt demokrati som skal styre, der konsulentar med millionvis av kroner i ryggen som skal fastsette «sanninga», og alt anna er useriøst?

DEL

LeserbrevEg høyrer gong etter gong referat frå møter der lobbyistane for Møreaksen reiser rundt og predikerer den såkalla «sanninga» der dei til stadig forfektar at det kjem så mykje «useriøst» frå alle andre som har synspunkt ikring kryssing av Romsdalsfjorden.

Sist frå møte med Mørebenken, der dette igjen vert framsett.

Når det kan sjå ut til at det kun er lobbyistar og konsulentar frå Møreaksen med millionar av kroner i ryggen, som har «sanninga», ja då er det faktisk eit forsøk på konsulentstyrt demokrati.

At privatpersonar med bakgrunn i eit brennande samfunnsengasjement slik som dei som arbeidar for Romsdalsaksen, til stadig vert forsøkt «tråkka ned» er overhode ikkje bra

Desse privatpersonane burde heller ha skryt for sitt engasjement .

Det forkjemparane for Romsdalsaksen og svært mange andre ynskjer, er ei likeverdig utredning av Romsdalsaksen/flytebruer med Møreaksen.

Sjølve kryssinga av Romsdalsfjorden med Møreaksen er siste tall eg har fått, ca. 14,4 milliard kroner. Omlag det same er mine anslag på Romsdalsaksen for sjølve fjordkryssinga.

Men, derifrå skiljar dei to alternativa definitivt lag.

Møreaksen skal no gå sør om fjorden etter K21 b frå Vik til Skorgedalen og Ørskogfjellet. Billigaste fyrste byggesteg er på omlag 4 milliard kroner. Å sette denne trafikken midlertidig frå Vik og gjennom fylkesvegen til Vestnes, kjem sjølvsagt aldri på tale. Dette vert direkte useriøst dersom trafikken over Romsdalsfjorden skulle bli i nærheita av trafikkanslaga.
Nord om fjorden må det byggast ny veg frå Julsundet til Molde, med ny tunell bak Molde. Ein slik tunell vil dersom trafikktalla til «superlobbyistane» skulle slå til, måtte byggast som firefelts tunell.

Kva trafikksystemet nord om Møreaksen vil kunne koste til slutt, veit ingen. Det er vell «useriøst» å meine at dette også vil dreie seg om milliardar, ja kanskje mange milliardar.
Uansett om dette blir 2-4 eller 10, så spelar det fint liten rolle om Møreaksen totalt hamner på 20-30 eller 40 milliard kroner, når den en gong inn i framtida skulle verte aktuell å bygge. Dette er uansett fleire titals milliard kroner for mykje.

Romsdalsaksen derimot, skal utanom sjølve fjordkryssinga, kun enkelt kople seg på E-39 nord om fjorden og E-136 sør om fjorden, og slett ikkje til milliardvis av kroner.

At enkelte nektar å sjå dette, er eit teikn på at nokon ikkje ynskjer å sjå «sanninga».

Dagens budsjettsituasjonen i Statsbudsjett, er ivertfall « seriøst» å legge til grunn.
Med dagens mogelegheitsvindauge for framtidige løyvingar, ser nok alle at Møre og Romsdal skal slite nok dei neste tiåra, å skaffe budsjettmidlar til dei prosjekta som står fremst i køa i Nasjonal Transportplan her i fylket.

Når det er sagt, vi må uansett aldri kome dit hen, at privat engasjement frå «folk flest» vert sabla ned av dyrkjøpte superlobbyistar og konsulentar med millionar av kroner i ryggen. Dette seier meg at vi skal alle vere glade for debatten som i dag er her i fylket ang kryssing av Romsdalsfjorden og framtidig E-39.

Såleis bør dei som forsøker å fronte «sanninga» i debatten ang kryssing av Romsdalsfjorden, snarast råd presse på for at vi faktisk får fasiten ang flytebru alternativet.

« det er kun ei fullverdig og likeverdig utredning av Romsdalsaksen og flytebru som alternativ, som kan gje denne fasiten»

Til slutt vil eg igjen slå fast at Møre og Romsdal FrP fortsatt står fast på at vi ynskjer Romsdalsaksen og flytebrualternativet også på Møreaksen skikkelig og likeverdig utreda over Romsdalsfjorden. Dette må gjennomførast i tråd med rullering av dagens NTP (Nasjonale transportplan). Pr i dag stå Møreaksen fast i NTP, og FrP har ikkje teke standpunkt til noko anna. Dagens NTP skal rullerast i 2021 og 2025.

Slik vi ser verkelegheita ang framtidig budsjettsituasjon i framtidige statsbudsjett, så har vi meir en nok tid på oss til å «ta ein fot i bakken» og faktisk greie ut det vi måtte ha behov for angåande kryssing av Romsdalsfjorden.

Bompengenivået som også begynner å bli svært belastande i heile landet, vert også ein meget viktig faktor vi må ha med oss i vidare drøfting av ulike alternativ til samferdselsbygging i framtida.

Vi kan ikkje kneble vårt viktige næringsfylke, med ukritisk innføring av haugevis med bompengar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags