Tre spørsmål til kommunen om utbygginga av vindturbiner på Skardsøya

Skardsøya vindkraftverk.

Skardsøya vindkraftverk. Foto:

Av
DEL

MeningerSøknaden frå NJORDR AS om bygginga av dei nye vindturbinene på toppen av Skardsøya betyr slik vi vurderer det ei vesentleg skjerping av dei negative konsekvensene for natur og miljø i høve til søknaden frå SAE Vind i 2010 i same området.

NJORDR AS har blandt anna høgare møller, ca. 225 m høgde no, mot 125 m høgde i plana frå 2010, og med ei betydeleg utviding av det bandlagte arealet for utbygginga. Til tross for dei store endringane som er gjort i dimensjoneringa av turbinane, har NJORDR AS i stor grad bruka konsekvensvurderinger frå SAE vind sitt prosjekt i 2010 i sin søknad.

Ein stor del av det utvida arealet ligg og innafor dei inngrepsfrie områda på toppen av Skardsøya (INON-område). Det er no til dømes plassert fleire turbiner inn i det store uberørte kystmyrområdet på nordsida av Bjørnskardliknubben som er registrert som eit svært viktig og eit av dei få områda som er igjen, der myra strekkjer seg samanhengande frå sjøen og heilt opp til fjellet(ca.4km2).

Utbyggingsområdet strekk seg no langt inn i tilsigsområdet for Skar vassverk. I kartet som er lagt fram frå søkar er 4 av turbinene plassert slik at eit havari med lekkasje av olje frå ein installasjon vil bety forureining i tilsigsområdet til nemte grunnvassanlegg. Det er så langt vi kjenner saka ikkje lagt fram dokumentasjon frå søkar om tiltak for sikring eller avbøtande tiltak for drikkevatnet til Skar vassverk.

Som kjendt skal kommunen ut frå gjeldande Forskrift for vannforsyning og drikkevann, sist revidert 1.januar 2017, ta omsyn til drikkevatnet om reguleringsarbeid ønskast gjennomført innafor eit godkjendt vannforsyningsystem. Reservoaret til Skar vannverk er sandmassene som ligg i Skarsdalen. Dei bekkeløpa som går opp frå Skarsdalen og inn i det planlagte utbyggingsområdet er da naturlege tilføringar av reint vatn til dette vassverket. I dag er utbyggingsområdet på Skardsøya regulert som eit LNF-1område.

Folkeaksjonen Mot vindkraft i Aure har difor følgande spørsmål til Rådmannen og dei folkevalgte i samband med det arbeidet med saka som no skjer internt i kommunen:

1 Har Aure kommune avklart med NJORDR ansvar og tiltak ved eit havari på ein eller fleire av møllene som no er plassert i tilsigsområdet til Skar vassverk(ca.110 abbonentar (hytter og fastbuande)?

2 Ei reservekjelde som er nemnt i dokumentasjonen for Skar vassverk, Krokvatnet, ligg og inne i det båndlagte området for turbinene. Er Mattilsynet og Folkehelsa blitt gjort kjendt med at tilsigsområdet og denne reservekjelda no vil bli liggande inne i utbyggingsområdet? Har NJORDR AS ei plan for ny reservekjelde?

3 Er det sett fram krav til søkar om nye vurderingar av konsekvenser som følge av utbygging av turbiner og forslag om nye avbøtande tiltak skal skje innafor dei uberørte naturområda på øya?

Artikkeltags