Gå til sidens hovedinnhold

Setjefisk i Valsøybotn

Artikkelen er over 14 år gammel

Setjefiskanlegget i Valsøybotn i Halsa har tidlegare vore i fokus, mellom anna etter tørrlegging av vassdrag utan løyve.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

No har det kome søknad frå Lerøy Midnor AS om utviding av anlegget. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er litt skeptiske etter røynslene med anlegget frå 1990-talet.

Manglande vatn har fleire gongar ført til løysingar som etter det vi veit har mangla løyve. Dette gjeld tiltak både i Reinslivatnet og Botnavatnet/Sandåa. Eigarane av fiskeverksemda har tatt seg til rette, nærast med trugsmål om at viss dei ikkje gjer det så døyr fisken. Hovudårsaka har så langt Naturvernforbundet veit vore større produksjon enn det vassressursane skulle tilseie.

Naturvernforbundet krev no at det må dokumenterast at vasstilgangen ved lovlege tiltak er tilstrekkeleg også i tørre år, med gode marginar. Auka produksjon vil også gi auka utslepp. Dette må også undersøkast nærare.

Øystein Folden,

leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal