Nynorsk framtid for Møre og Romsdal

Artikkelen er over 10 år gammel

Det var i Møre og Romsdal fylke det heile starta for 150 år sidan. Unge Ivar Aasen frå Ørsta sette seg føre å laga eit norsk skriftspråk som passa for heile landet, som bygde på alle dei norske dialektane, og som kunne erstatta dansken som var i bruk i Noreg.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisa og alt innhold på nett

Leserbrev Gjennom åra har nynorskområda vakse og minka, men Møre og Romsdal har heile tida vore eit kjerneområde for nynorsken, der språket har stått sterkt og vorte brukt både i skular, aviser og offentleg administrasjon. Sjølv delar av det private næringslivet har i stor grad nytta nynorsk i dette fylket. Det er difor trist å registrera at Torkild Solli Haukaas frå Høgre ynskjer å utradera denne tradisjonen i fylkeskommunen.

Møre og Romsdal er det fylket der ein finn nest flest nynorskelevar (etter Hordaland), og fleirtalet av kommunane er nynorskkommunar. Fylkeskommunen har difor solid feste blant folket han skal tena, når nynorsk er administrasjonsmål. Her som elles i landet flyttar folk i aukande grad til byane, som ofte er bokmålskommunar, men det er ikkje dermed sagt at dei byter hovudmål. Nynorsken står sterkt i sjølvmedvitet og identiteten til mange innbyggjarar òg i byane i fylket.

Framlegget frå Haukaas er altså ikkje å gå over til bokmål, men å vedta språknøytralitet, «slik at dei tilsette kan stå fritt til å bruka det språket dei vil». Haukaas veit sjølvsagt godt at det ikkje finst noko slikt som språknøytralitet. I det ein set seg ned og skriv på anten nynorsk eller bokmål har ein valt språk, og bokmålspresset i samfunnet vårt er stort. All røynsle viser at eit vedtak om å byta frå nynorsk til språknøytralitet fører til meir bokmål og mindre nynorsk. Eit anna argument som har vore framme i debatten er at ein del offentleg tilsette manglar kompetanse i nynorsk, og at kommunen, eller i dette tilfellet fylkeskommunen, difor må vera språknøytral. Dette er ikkje eit argument som held vatn. Alle har lært nynorsk på skulen, sjølv om grunnlaget kan variera noko. I dag finst det òg mange gode hjelpemiddel for den som treng hjelp til å skriva betre nynorsk, både rette- og omsetjingsprogram på data, nynorskkurs og rettleiing. Dersom det vert tilsett innvandrarar eller andre som av ulike årsaker ikkje har lært nynorsk i skulen, kan dei få opplæring i nynorsk som ein del av jobben.

Nynorsken har ein sterk tradisjon i Møre og Romsdal, men det er òg eit språk for framtida. På mange måtar står nynorsken sterkare i dag enn tidlegare. Mange store institusjonar er oppretta på og for nynorsk, og nynorsk er veletablert som bruksspråk i skular og lokalmiljø. Nynorsk er mykje brukt i aviser og etermedia, og til og med medieverksemder som tidlegare brukte berre bokmål har no gått over til å bruka nynorsk i tillegg. Fleire og fleire næringsdrivande finn òg ut at det løner seg å bruka nynorsk i marknadsføringa, og regjeringa har ein uttalt politikk om at alle i Noreg skal bli reelt tospråklege.

Skal nynorsken ha ei framtid, må han brukast. Nynorsk er eit språk for heile landet, men Møre og Romsdal er ein viktig bastion for bruken av språket. No er det opp til fylkespolitikarane på fylkestingsmøtet 11. til 13. desember å røysta for nynorsk i Møre og Romsdal òg i framtida.

Hege Myklebust,

leiar i Noregs Mållag

Artikkeltags