Nordmøre, nynorskland?

Artikkelen er over 8 år gammel
DEL

Hallstein Storvik fortel i innlegg i TK 18. feb. at nynorskland eigentleg sluttar midt i Romsdalsfjorden, men at det framleis finst nokre få spreidde busettingar også lenger nord. Kva dette landet nordafor fjorden skal heite, seier han ikkje, men det er iallfall ikkje nynorskland.

Og desse grensetilhøva finn han såpass innfløkte at han synest det er merkeleg at dei ikkje er forska på. Det siste har han kanskje rett i, så da eg for litt sia fekk den nyutkomne "Sangboka for Nordmøre" i hende, tenkte eg denne kunna leggast til grunn for litt fusking i forskingsfaget.: Kva fortel denne boka om språk og geografi?

I boka, som er redigert og trykt i bokmålsdominerte "byen oss", finn vi 155 songar frå heile Nordmøre. Desse fordeler seg slik: 83 er skrivne på dialekt, 40 på nynorsk og 32 på bokmål. Under-kategorien "by- og bygdesongar" har 30 titlar, og her er fordelinga 24 tekster på nynorsk og 6 på bokmål. Dette er interessante tal. Er ikkje bokmålet ut frå det vi her ser brukande til å skildre nordmørsk natur og lynne? Eller er det større samsvar mellom nordmørsdialekten og nynorsken enn det bokmålsaksjonistane vil ha det til?

Det at 83 tekster er på dialekt, drygt 53 % av boka, er ikkje mindre interessant. Det seier vel først og fremst at skriftnormalane våre ikkje er fullgode reiskapar til å få fram det personlege eller det heimslege. At så mange brukar dialekt i dikt og songtekster, viser at denne uttrykksforma er noko vi må ha både som formidlarar og mottakarar. Det er dette ein når flest og lengst med, ser det ut som, anten det no er med "Vårsøg" eller "I slekt med måsan". Eg meiner sjølvsagt at alle desse tekstene ligg nært opp til nynorsk, dette gjeld og dei mange som er laga i byen.

Så ut frå dette lever vi i aller høgste grad i nynorskland. Og i bokmålsland. Slikt dobbelt statsborgarskap er ikkje spesielt for Gjemnes og Nordmøre. Det gjeld og for dei sørafor Romsdalsfjorden, og resten av landet. Vi er heldige i Gjemnes som kan forvalte denne språkarven med å få lære nynorsken heilt frå 1. klasse. Det språklege mangfaldet vi ser i "Sangbok for Nordmøre", viser at tospråklegheit gir resultat. Finst det elles mange land i verda der ein ikkje må forhalde seg til minst to språk?

Hallstein Storvik og andre bokmålsaksjonistar må gjerne skaffe seg songboka eg referer til, det er ei fin bok. Når det gjeld språkforsking, kan eg vise til "Språkfakta 2010" av Ottar Grepstad.

Oddbjørn Aspås

Artikkeltags