Slår uheldig ut for eldre

Eitt av rapporten sine hovudfunn er klårt positivt; at det har skjedd eit fagleg løft i fleire kommunar gjennom styrkinga av korttidstilbodet, noko som har gjort arbeidet meir interessant, skriver Johs. J. Vaag.8Arkivfoto

Eitt av rapporten sine hovudfunn er klårt positivt; at det har skjedd eit fagleg løft i fleire kommunar gjennom styrkinga av korttidstilbodet, noko som har gjort arbeidet meir interessant, skriver Johs. J. Vaag.8Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LESERBREVSamhandlingsreforma blei innført i 2012. Reforma skulle gi betre og meir heil­skapelege pasientforløp og dempe veksten i sjukehus­utgiftene. Det siste skulle skje ved å bygge ut lokale tilbod og styrke den førebyggjande innsatsen i kommunane.

Bladet Kommunal Rapport av 12. februar i år (s. 8-9) tek for seg innhaldet i ein rapport frå International Research Institute of Stavanger (IRIS) bestilt av kommunane sin interesse­organisasjon KS. Rapporten blei offentleggjort same dag.

Rapporten frå IRIS viser at samhandlingsreforma har endra tenestetilbodet i ­kommunane. Vi har fått ei meir spesialisert og kortvarig behandling og mindre ­heilskapleg og langsiktig omsorg. Dette vil eg tru ikkje er til det beste for den eldste delen av befolkninga i landet vårt.

IRIS gir støtte til dei som hevdar at pasientane er dårlegare når dei blir skrivne ut frå sjukehus no enn før. Dette synest eg er alarmerande opplysningar som må takast på høgste alvor. Ifølgje forskarane er dette ei unison oppfatning mellom deira kjelder. Av rapporten går det elles fram at dei øvrige pasientane på sjukeheimar, i omsorgs­bustader og heimetenestene, er meir pleietrengande enn før.

Forskarane slår fast følgjande: «Praksis i dag er at behandlinga, som tidligere i sin helhet ble gjennomført på sjukehus, ofte starter på sjukehuset, men fullføres i kommunene». Når situasjonen rundt om i landet er slik som det her blir omtala, er det viktig at kommunane har dei nødvendige ressursane og den kompetansen som må til for å kunne fullføre behandlinga på ein best mogleg måte. Ein kan stille seg spørsmålet om kommunane i dag har eit godt nok mottaksapparat slik at samhandlingsreforma skal kunne fungere på best mogleg måte?

Områdedirektør i KS, Helge Eide, seier det slik til Kommunal Rapport av 12. februar (s. 9): «Kommunene bør litt oftere si nei til å ta imot pasienter fra sykehusene».

I Kommunal Rapport av 19. februar (s. 2) har redaktør Ragnhild Sved i veka sin kommentar utdjupa sitt syn på samhandlingsreforma i lys av rapporten i frå IRIS.

Hovudkonklusjonen til Sved synest å vere at det er vanskeleg å finne teikn på at samhandlings­reforma har gagna pasientane eller styrka førebygginga, slik målet er. Hovudinntrykket er at reforma i liten grad har gitt pasientane betre tenester, og at utsette grupper får eit dårlegare tilbod enn før. Dette synest eg er «hard kost», som det er vel verdt å merke seg.

Men det finst og lyspunkt i rapporten. Eitt av rapporten sine hovudfunn er klårt positivt; at det har skjedd eit fagleg løft i fleire kommunar gjennom styrkinga av korttidstilbodet, noko som har gjort arbeidet meir interessant. Forskarane og mange sjukeheimslegar stiller likevel spørsmål ved om det faglege nivået er godt nok.

Det er all grunn til å følgje grundig med om korleis samhandlingsreforma utviklar seg vidare.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags