Møre og Romsdal vil bli svært hardt råka dersom Kraftskatteutvalet sine tilrådingar vert vedtekne

–  Forslaget er eit alvorleg brot på den hundreårige samfunnskontrakten mellom lokalsamfunn og storsamfunnet, skriver artikkelforfatterne.

–  Forslaget er eit alvorleg brot på den hundreårige samfunnskontrakten mellom lokalsamfunn og storsamfunnet, skriver artikkelforfatterne.

Av
DEL

MeningerI vårt fylke er det mange kommunar som har store inntekter frå konsesjonsavgifter og konsesjonsstraum. Vert Kraftskatteutvalet sine tilrådingar vedtatt, vil fylkeskommunen, og ikkje minst ei rekkje primærkommunar som Sunndal, Rauma, Fjord, Ørsta og nye Molde bli fråtekne millionar av kroner kvart einaste år. Med Kraftskatteutvalet sine framlegg vil distrikta sine pengar bli overført til sentrale og meir folketette område.

Fylkesordførar Tove Lise Torve(AP) , ordførar i Rauma, Yvonne Wold (SV) og ordførar i Fjord kommune, Eva Hove(AP) vil gjere felles sak og kjempe mot framlegga til Kraftskatteutvalet.

For å illustrere kor dramatisk dette er, fortel dei at Fjord kommune vil tape 21 millionar årleg, Rauma 16,5 millionar og Torves heimkommune, Sunndal, 29 millionar. I tillegg taper kraftkommunane betydelege summar eigedomsskatt dersom endringane vert gjennomført. Fylkeskommunane åleine mottok i 2017 konsesjonskraft til ein verdi av 346 millionar kroner. Det er viktige inntekter som kjem innbyggarane til gode gjennom betre tenester.

– Dette har vi ikkje tenkt å finne oss i, seier dei tre ordførarane.

– Forslaget er eit alvorleg brot på den hundreårige samfunnskontrakten mellom lokalsamfunn og storsamfunnet. Konsesjonslovgjevinga har sikra vertskommunane for vasskraftutbygging ein rettmessig del av dei verdiane vasskrafta representerer. Dette prinsippet vert med utvalet sine tilrådingar sett til sides når dei no foreslår at store delar av vasskraftverdiane skal gå til staten, fortset Hove, Wold og Torve.

– Vertskommunane vert ribba. Inngrepa som er gjort i vår natur, er evigvarande, og det bør også kompensasjonsordningane vere, meiner ordførarane.

Noreg treng meir fornybar energi, og det ligg eit stort potensiale i å nytte vasskrafta betre gjennom modernisering av eksisterande kraftverk. Med tilrådinga som no ligg føre, er det lite som tyder på at kraftselskapa vil investere for å utnytte vasskrafta betre. Det hevdar Energi Norge som representerer kraftbransjen. Dei meiner Kraftskatteutvalet si tilråding manglar incentiv for slike investeringar.

Dei tre ordførarane har allereie tatt kontakt med sine stortingsrepresentantar og lovar å følgje dette opp med nye kontaktar og møte.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags