Kva med barnet sine rettar?

Av
DEL

LeserbrevDenne hausten har abort på ny vore oppe til debatt. Denne lova har no vore gjeldande i 40 år og har nesten ikkje vore under debatt. Takka vere KrF, så makta dei no å få han på dagsorden i samband med regjeringsforhandlingene.

Spørsmålet no er om barnet i mors mage har nokre rettar i det heile i det norske samfunnet i 2018? Er det plass for å stille nokre spørsmål rundt abortsaka?

Det blir denne hausten demonstrert hissig rundt omkring fordi ein står i fare for at nokre foster kan unngå å bli fjerna frå mors liv!

Kampen står jo om kvinners rett til å fjerne det forsvarslause og uskuldige barnet i mors mage. Det blir omtalt, feilaktig, å bestemme over eigen kropp. Det er og blir feil, fordi det er barnet sin kropp og liv det dreier seg om. Livet begynner ved unnfangelsen og barnet ønsker jo ikke å bli fratatt livet.

Vi bestemmer over kroppen vår og det gjeld og før unnfangelsen. Det normlause samfunnet har vore i full utvikling lenge og etter 1978 er 630.000 barn fjerna frå livet med statens  godkjenning og for statens rekning.

For å erstatte folkenedgangen har nasjonen tatt inn ei stor gruppe fjernkulturelle og der mange er muslimer. Er du usikker på om utviklinga går i rett lei, så må du vurdere standpunktet ditt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags