Målblomster til Tidens Krav og Aura Avis

Artikkelen er over 11 år gammel
DEL

Nordmøre Mållag gjorde på årsmøtet 10. mars vedtak om å sende språklege målblomar til avisene Tidens Krav og Aura Avis for at dei slepp til nynorsken meir i avisspaltene enn tidlegare. For oss nordmøringar som brukar eit talemålnært nynorsk og nynorsk som skriftspråk, er det ei stor glede å lese nynorske artiklar dagleg i lokalavisene våre. Det er svært viktig for barn og unge som brukar nynorsk skriftspråk i skolen å møte nynorsk i media.

Til slutt vil vi utfordre lokalavisene NordvestNytt og Driva til å ta etter dei andre avisene og bruke meir nynorsk til glede for dei nynorskbrukande lesarane sine. Vi skulle gjerne sjå at Driva brukte like mykje nynorsk som dei gjorde i glansdagane sine på 70- og 80-talet.

Nordmøre Mållag

Artikkeltags