Kva vil Høgre med sidemålet og nynorsken? Kva meiner listetoppane i Møre og Romsdal?

Høgre har dette året gjort to omstridde vedtak når det gjeld språk, kultur og utdanning. Partiet har programfesta at dei vil fjerne karakteren i sidemål både i ungdomsskulen og i vidaregåande og at dei vil la det personlege språkvalet til statlege tilsette styre staten sitt språk.

Om sidemålsordninga seier Høgre: «Bruke tekster både på bokmål og nynorsk i norskfaget gjennom hele skoleløpet. Avvikle ordningen med egen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskolen og den videregående skolen». Det var stor motstand mot vedtaket på Høgre sitt landsmøte i vår, og ei rekkje representantar har prøvd seg på ulike tolkingar. Fleire har i ettertid sagt at vedtaket tyder at det framleis skal vere skriftleg opplæring i sidemål. Likevel seier skulebyråd i Oslo for Høgre, Torgeir Ødegaard, at vedtaket tyder at skriftleg sidemålsundervisning skal vere valfri. Så kva meiner Høgre eigentleg?

Kor viktig er det for listetoppane i Møre og Romsdal Høgre å få fjerna karakteren i sidemål, og tyder vedtaket frå landsmøtet at det framleis skal vere obligatorisk skriftleg undervisning i sidemål? Kva meiner de, Helge Orten, Elisabeth Røbekk Nørve og Arnulf Goksøyr? I skulevalkampen prøver Unge Høgre-representantar å raljere over kor unyttig sidemålet er. Vi blir ikkje imponerte, men ein del elevar jublar og flirar, somme blir forvirra - og ein del fortørna og såra.

Sist onsdag uttalte Høgre-leiar Erna Solberg i Vestlandsdebatten på NRK at alle skal lære sidemål, men det skal ikkje vere ei skriftleg øvingsform. Dvs. ikkje ein gong valfri opplæring i sidemål (les nynorsk)! Det er klar tale, men dramatisk.

Kva mål er Høgre med på å fremje gjennom eit slikt standpunkt? Kva konsekvensar vil dette få om vi no skulle få Erna i statsministerstolen? For nynorsk som bruksmål, for jamstillinga og nynorsken sin status? Høgre har og har hatt mange markante nynorskbrukarar. Men vi registrerer at somme av dei no fortvilar over situasjonen i eige parti.

Høgre har òg vedteke at dei vil erstatte dagens rett til å få svar på eiga målform med ein rett for tilsette i staten og språknøytrale kommunar til å bruke si eiga målform. Kva ligg i dette vedtaket? Meiner Høgre då at verken kommunar, politi, Nav, fylkeskommunar, helseføretak eller andre etatar ute i nynorskområda skal kunne vente at staten vender seg til dei på nynorsk? Er det rett og slett opp til det personlege valet åt byråkraten?

Vi utfordrar listetoppane i Møre og Romsdal Høgre til å svare på spørsmåla som er reist i dette innlegget.

Terje Kjøde, Sunnmøre Mållag, Øyvind Fenne, Romsdal Mållag, Trond Skogseth, Nordmøre Mållag