Ekstrapoeng for nynorsk som hovedmål

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen lanserte i januar tanken om eitt ekstra studiepoeng for elevar i vidaregåande skule som vel nynorsk som hovudmål. Etter dette har ho også oppretta ei eiga ressursgruppe som skal sjå på aktuelle tiltak som kan medverke til å styrkje nynorsk som hovudmål i opplæringa. På landsmøtet til Noregs Mållag i april stadfesta ho at ho vil styrkje nynorsk både som hovudmål og sidemål, og tok opp att framlegget om ekstrapoeng.

DEL

Les TK digitalt i 5 uker for 5 kr! Få tilgang til plussartikler.

Mellom dei få som har kritisert framlegget om eitt ekstra studiepoeng for nynorsk hovudmål er Riksmålsforbundet, som kallar det ei «diskriminering av riksmåls- og bokmålsbrukere, altså det massive flertall». Noregs Mållag meiner Riksmålsforbundet her syner manglande kunnskap om korleis norskkarakterane i dag verdset norskkunnskapen til elevar med nynorsk som hovudmål.

Stoda i dag er at elevar med nynorsk som hovudmål generelt sett er mykje betre i sidemål enn elevar med bokmål som hovudmål. Nynorskelevane har større samla kunnskap i hovudmål og sidemål enn elevar med bokmål som hovudmål, men dei får ikkje utteljing for denne kunnskapen. Fleirtalet, bokmålselevane, si svakare meistring av sidemål har i praksis ført til at dei ikkje vert vurdert like strengt i sidemålet som nynorskelevane. Det er lettare å få ein god karakter i nynorsk sidemål enn i bokmål sidemål.

Mange elevar med nynorsk som hovudmål byter til bokmål av taktiske grunnar. Dei opplever at dei får betre samla karakter i hovudmål og sidemål om dei byter hovudmål til bokmål. Eit ekstrapoeng for elevar med nynorsk som hovudmål vil ikkje gjere anna enn å redusere den uretten desse elevane alt er utsette for.

Riksmålsforbundet er redde for at «elever med bokmål som hovedmål skal komme poengmessig dårligere ut enn dem som har nynorsk hovudmål». I skulen i dag er røynda det stikk motsette. Elevar med nynorsk som hovudmål tapar på dagens norskkarakterar.

Riksmålsforbundet og andre som seier dei vil ha like vilkår for nynorsk- og bokmålselevar bør difor støtte Kunnskapsministeren sitt framlegg om ekstrapoeng for nynorsk hovudmål. Framlegget gjev meir rettferd og mindre diskriminering.

Håvard B. Øvregård,

leiar i Noregs Mållag

Artikkeltags