Dialekt og identitet viktig også for Aure

Artikkelen er over 10 år gammel

I Aure kommune er det no tre skulekretsar som 2. mai skal ha folkeavrøysting om vidare valg av skriftspråk i skulen.

DEL

For ein som brukar nynorsk, og er vant til å arbeida i eit system som er dominert av bokmålsbruk, har det vore svært positivt å lesa dei mange gode innlegga i lokalavisene den siste tida. Eg har merka meg særleg dei mange uttalane frå dei yngre generasjonane i Aure som er opptekne av verdien i å kunne ha sin eigen dialekt og korleis vi best skal bygga opp under dette. Opplæringa som blir gitt gjennom den obligatoriske skulegangen er da sjølve fundamentet. Nynorsk blir da eit naturleg valg om vi lyttar til dei orda vi helst vil identifesera oss med i det daglege

Valget for oss som bur i Aure på Nordmøre bør difor vera enkelt den 2. mai. Nynorsk er det beste om vi ønskjer å halda på ein god dialekt som har ein ordrikdom som ligg langt framom eit bokmål, som vi i dag attpåtil får inn i rikelige mengder. (Riksmedia og kommunen med, har dagleg stor tilgang på det)!

Eg går da ut frå som sjølvsagt at dei fleste som har valgt Aure som heimkommune også har eit reelt ønske om på sikt å bli ein del av det særpreget vår lokale kultur gir, og som dialekten er ein viktig del av.

Det er også eit gammelt ordtak som er verd å lytta til også i denne samanheng og som seier «at ein skal ta skikken dit ein kjem». Ver med å stø opp om dialekten vår og sikra eit godt skriftspråk også vidare framover. Godt valg!

Johannes Kalland

Artikkeltags