I opptakta til fjorårets valkamp kjempa partia Høgre og Venstre hardt for å få til ei avkriminalisering av narkotika. Dei ville at ein skulle kunne gå rundt med fleire titals brukardosar til eige bruk i lomma utan å bli straffa for det. Heldigvis seier Senterparti-Ap-regjeringa tydeleg nei til det som ville vore tidenes liberalisering av narkotikareglane i Noreg.

Som ungdom høyrer det til sjeldanheitene at ein er på ein fest der narkotika som hasj eller MDMA ikkje er involvert. Det å sjå at nokon røykar eller snortar ei stripe med ulovlege rusmiddel er diverre nesten kvardagskost. Nokre månadar seinare kan ein høyre om det som i utgangspunktet er friske og fornuftige ungdomar, som er vorte lagt inn på avrusing.

Vil satse på førebygging

Medan Høgre og Venstre meinte løysinga på det store narkotikaproblemet blant ungdommar er å gjere narkotika lovleg, set regjeringa, med Senterpartiet i spissen, ned foten. Vi vil i staden satse på førebygging og helsehjelp til dei som treng det.

At den førre regjeringa ville innføre ei slik «rusreform» som kanskje ville gjort at mange hundre, om ikkje tusenvis, fleire ungdomar ville fått ei ungdomstid prega av avhengigheit er heilt absurd. Endå meir absurd er det at dei tenkte at denne avkriminaliseringa ville løyse utfordringane. Det er korttenkt å tru at meir narkotika i eit samfunn vil føre til mindre sjukdom.

Vi må rygge tilbake

Det å høyre historier om ungdom som etter russetida har måtte brukt eit år av livet sitt på avrusing, er rystande. Vi må bråstoppe bilen og rygge tilbake no, ikkje køyre på for full guffe inn i narkotikaland. Kven vil vel at ein heil generasjon skal bli avhengige av ulovlege rusmidlar?

Meir narkotika i eit samfunn fører til meir bruk og meir avhengigheit. Difor må vi jobbe for å førebygge at fleire brukar narkotika å gi hjelp til dei som treng det. Ikkje gjennomføre tidenes liberalisering av narkotika slik Høgre og Venstre, med støtte av Kristeleg Folkeparti vil.

Les også

Bedre rushjelp med Ap, feil fra Raja

Les også

Sivil ulydighet for bedre ruspolitikk