Gå til sidens hovedinnhold

Langt mellom liv og lære hos fylkesmannen

Artikkelen er over 1 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I Romsdals Budstikke for 18. november (og i TK for 20., red. anm.) kan vi lese at fylkesmann i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste, gratulerer med 30-årsjubileet og gjev eit historisk attersyn over utviklinga for FNs barnekonvensjon i vårt samfunn. Ho oppmodar alle om å ha ein idedugnad for å legge tilhøva til rette for at FNs barnekonvensjon vert praktisert og etterlevd i alle kommunar. Ho er glad for å ha lukkast med å henge opp plakat at barnekonvensjonen i alle kommunar, men heng den på alle kontor i eige hus? Ho stiller og spørsmålet om alle veit at FNs barnekonvensjon er overorda norsk lov.

FNs barnekonvensjon 30 år

Det var eg ikkje kjent med då eg saman med mindretalet sende inn ein lovlelegheitskontroll til fylkesmannen om vedtak i Eide kommunestyre om å legge ned Vevang skule.

Vi bad fylkesmannen om å stoppe fleirtalsvedtaket om skulenedlegging då vedtaket etter vår meining var ugyldig. Grunna fleire saksbehandlingsfeil, særleg knytt opp mot barns rettar med heimel den jubilerande barnekonvensjonen, som er overordna norsk lov.

Eit stort fleirtal av dei 42 elevane ved Vevang skule ønskte å behalde dagens skulestruktur. Denne skulestrukturen hadde også heimel i den vedtekne kommuneplana for Eide. Vedtaket i kommunestyret er slik eit brot på plan- og bygningslova. Dette er det fylkesmannens oppgåve å sjå til, men i staden bagatelliserer fylkesmannen dette med at samfunnsdelen treng ein ikkje ta så alvorleg om ein ikkje har råd til det.

No var det slik at det vedtekne budsjettet i Eide for 2018 hadde drift av Vevang skule med på det vedtekne budsjettet. Noko fylkesmannen ikkje fann grunn til å hefta seg med. Fylkesmannen handlar på vegne av departementet, men har ikkje høve til tolkingar der ein saknar heimel i lovverket. Det vart også vist til forskrift om kommunesamanslåing der det i § 5 heiter at kommuneplaner gjeld inntil dei vert erstatta av nye planer vedtekne av det nye kommunestyret. Dette valte også fylkesmannen å oversjå eller sjå bort i frå.

Barnekonvensjonen vart nemnt i svaret frå fylkesmannen, men ikkje teke omsyn til. Det vitnar om at i praksis tek vi ikkje omsyn til prinsippa fylkesmannen lovprisar, slik fylkesmannen gjorde i gratulasjonen til FNs barnekonvensjon. Det samsvarar heller ikkje med barnekonvensjonen at det ikkje låg føre uttale i skulesaka frå barnas representant i Eide kommune. Det var den same personen som hadde greidd ut saka med fleire alternativ og slik vart ugild til å gje uttale.

Legg eigne føringar

I sitt tilsvar om lovlegheitskontroll skriv fylkesmannen på side 5 av det 7 siders lange brevet at: "Fylkesmannen finner videre å kunne slå fast at hensynet til barnets beste har vært et grunnleggende hensyn for avgjørelsen” Slik kan ein skrive mot betre vitand, når ein veit at det ikkje får konsekvensar av di fylkesmannens vedtak ikkje finn anna enn at vedtaket er lovleg og at lovlegheitsklaga ikkje førte fram og at det ikkje er klagerett på avgjerda til fylkesmannen. Der stoppar demokratiet.

Saman kan vi styrke arbeidet for og med unge i kommunane - for vi vil jo gjerne at dei skal bli verande/kome flyttande tilbake etter endt utdanning. Da betyr ein god oppvekst mykje! Skriv fylkesmannen til slutt i sitt Gratulasjonsskriv.

Ei bygd utan skule er ikkje like attraktiv å busette seg i når ein etter endt utdanning skal velje kvar ein skal busette seg. Dette kjem kanskje sterkast til uttrykk ved at bustadane ikkje er så lett å selje i ei bygd utan skule. Dette har vi no siste året erfart på Vevang. Utan at det ligg føre rekneskap vil eg driste meg til å sette dette verditapet til ikring kr. 500 000.- Det er hevda og med rette, at skulen er det sosiale limet i bygda og manglar dette fell lagsarbeid og dugnadsånda i bygdesamfunnet lett bort.

Difor er det tid for eit samfunnsrekneskap der ein tek omsyn til alle pluss- og minussider ved ei skulenedlegging. I Eide hadde den største barneskulen eit meirforbruk på over 2 mill. over budsjettet. Konsekvensen vert at den minste skulen med 42 elevar vert lagt ned. I tillegg var grunngjevinga for å motverke at ungdomskulen på Eide skulle forvitre og at ein derfor skulle legge ned skolen på Vevang og flytte elevane til Lyngstad, for å unngå dette.

Vevang skule hadde eigen gymsal og det er neppe å styrke barnas rettar å sende dei med buss først til skole på Lyngstad og videre til idrettshall på Eide, fordi Lyngstad skole ikke har gymsal. Noko som ikke verken bekymra eller vart påtala av fylkesmannen.

Fylkesmannen har difor eit stykke veg å gå med seg sjølv i tilhøvet millom liv og lære om ein skal kome dit fylkesmannen ønskjer, om ein skal tru ho meiner noko meir enn å gratulere FNs barnekonvensjon med jubileet.

Kommentarer til denne saken