Kva et Per frå Valldal og Tove frå Aukra på skiva i dag, tru?

Eg veit at NRK sine distriktskontor har vorte nedbemanna dei siste åra, men fortset de slik som no, kjem de til å gjera dykk sjølve overflødige. For å formidle stoff frå forsking.no og be om at folk skal sende inn SMS-ar om kva dei et på brødskiva, kan gjerast frå kor som helst.

Men å gå inn i det lokale, det er det berre eit lokalkontor som kan gjera på ein god måte! Revy på Eide, babysang på Stranda, Eikesdalsdagane, skyttarstemne på Tingvoll, lokalpolitiske spørsmål og problemstillingar, nyetableringar i Rauma +++ Det er mengder å ta av. Eg veit at det kan vera vanskeleg å kome ut i koronatider, men det er likevel aktivitetar i bygd og by, og folk som kan fortelje om det, er tilgjengelege på telefon.

Ein annan ting er å gje folk som blir intervjua moglegheit til å kunne prate lange setningar med eigne tankar. Som døme på det motsette vil eg dra fram eit intervju med ein av dei størst forfattarane i fylket, som skulle intervjuast i samband med utgjeving av ei ny bok. Eg såg fram til intervjuet og vart skikkeleg skuffa. Ein overivrig journalist var på på på og tok det meste av praten sjølv. På spørsmålssida var journalisten mest opptatt av om forfattaren trudde dette kom til å bli bestselgar. Forfattaren, som både er flink til å prate og interessant å høyre på, kom kun til orde med kortare setningar. La intervjuobjekta få kome til orde.