Gå til sidens hovedinnhold

Kyrkjeglimt på museet

Komande søndags tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum er «Folk og kyrkjeliv». Bernt Bøe blar i eigne bøker og viser bilete.

Det såkalla «Stor-Stangvikgjeldet» omfatta i gamle dagar både Halsa, Åsskard, Surnadal, Rindal, Todalen, Stangvik og store deler av Tingvoll og Sunndal.

– Enorm kulturrikdom pregar den lokale kyrkjehistoria, seier kåsøren.

Utanom sitt nye verk om Ranes og Øye i Surnadal har han skrive bøker om Stangvik, Todalen, Åsskard og Valsøyfjord kyrkjer.

– Alle desse er flotte og interessante bygg. Men like viktig er glimta av folket sitt frodige kyrkjeliv på alle plan, understrekar han.

Kåseriet markerer også at årets 250-årsjubilant Hans Nielsen Hauge skapte røre og grunnla ein varig arv med sine besøk i bygdene våre.

Kanskje dukkar det også opp ukjente fakta og artige pussigheter om prestar og kyrkjefolk, namn, skikkar og reisemåtar i tider som var.

Ikkje minst vil programmet vise noko av den kreative aktiviteten som pregar lokalkyrkja i vår eiga tid.

Kommentarer til denne saken