IOGT lanserte i desember ein ny kampanje som heiter «hvit januar». Der oppfordrar IOGT folk som brukar alkohol til å prøve januar som ein alkoholfri månad. Og sjølv om vi har gjort unna halve januar-månaden, er det ikkje for seint å bli med.

I ei fersk opinionsundersøking utført for IOGT svarte 58% av de som drikk alkohol at dei kunne tenkje seg å prøve ein månad utan. Erfaringar frå Storbritannia har vist at sjansen for å klare å gjennomføre eit slikt mål vert dobla ved å gjere det gjennom ein kampanje som «Hvit januar».

Stiftinga AlcoholChange UK har drive Dry January sidan 2013, kan vi lese i bladet Aksent nr 3. I 2020 skreiv 100.000 britar under på at dei var med på kampanjen, og talet aukar år for år.

IOGT har, saman med DNT-Edru livsstil, oversett appen TryDry, som er eit verktøy for folk som vil redusere alkoholbruken, eller kutte alkoholen heilt. Appen har vore tilgjengelig på norsk frå 22. desember. Bjørnar Grønhaug, IOGT sin kommunikasjonsrådgjevar sentralt, har arbeidd med denne kampanjen, og målet er at dette kan vere eit hjelpemiddel til å lettare ta rusfrie val. I ei digital tid kan applikasjonar, eller såkalla appar, vere eit gode på fleire felt.

Det er berre å prøve ein kvit januar-app!