Gå til sidens hovedinnhold

Kvinnedagen - ein dag for oss alle?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

No har vi hatt korona-pandemien i heile verda ei stund. Han har påverka arbeidet for kvinner sine rettar og likestillingsarbeidet på ein negativ måte. Å få ein smittsam sjukdom i heile verda, har vore ei enorm helsekrise. I tillegg har økonomisk tilbakegang (resesjon), bortfall av inntekt og stengte skular påverka dei aller fleste. I mange land er det faktisk jenter og kvinner som er berarane av dei største økonomiske og sosiale byrdene av pandemien.

Den sosiale nedstengninga har gjeve auke i vald mot kvinner og jenter. Samtidig som mange kvinner har mista arbeid og inntekter, har mange fått ei auka omsorgsbyrde. Auken i barneekteskap har vore dramatisk, og ferske rapportar viser at så mange som 33 000 jenter vert gifta bort kvar dag. Utrekningar frå FN viser at pandemien kan bidra til 13 millionar fleire barneekteskap og 2 millionar flere tilfeller av kjønnslemlesting enn det som elles ville vore tilfellet fram til 2030. Dei siste åra er det gjort store framsteg for kvinner og unge jenter sine rettar verda over, men dette framsteget er no under press. Vi veit også med sikkerheit at skulestengningar er ei stor årsak til dette. Når jenter går på skule, vert talet på tenåringsgraviditetar og spedbarnsdødelegheit redusert.

Les også

Slik markeres kvinnedagen i vårt dekningsområde

Les også

Kvinnedagen: Kommuneoverlege Mari står i pandemiens frontlinje med tusener av kvinner

Les også

Derfor er Kvinnedagen viktig

Les også

Soroptimistene løper KK-mila for kvinners rettigheter

Les også

8. mars viktigare enn nokon gang

Les også

Markerer kvinnekamp: – Gjenåpning vil være en delseier

Les også

8. mars: Kvinners rettigheter kommer ikke av seg selv

Det er derfor ein klar sammenheng mellom stengde skular og den tilbakegangen vi no ser for jenter og kvinners rettar. Så langt har 1,6 milliardar elever og studentar vore ramma av skulestengningar under pandemien. I gjennomsnitt har så mykje som to tredjedelar av eitt skuleår gått tapt. Minst 463 millionar barn har heller ikkje hatt tilgang til fjernundervisning når skulane har vore stengde. Jenter må normalt i langt større grad enn gutar gjere huslige plikter, og passe småsøsken eller eigne barn. Vi risikerer no at millionar av jenter aldri kjem tilbake på skulen.

Faktum er at om alle jenter fekk gå på ungdomsskule, ville barneekteskap og tidlig graviditet før fylte 18 år nesten vore eliminert. Jenter som har fullført skulegang, har betre føresetnader for å delta i det formelle arbeidsmarkedet og få høgare inntekter. Jenter si utdanning er derfor mellom dei mest effektive investeringane vi kan gjere for å løfte lokalsamfunn og land ut av fattigdom. Det er heller ingen tvil om at skulegang gjev jenter kunnskap, som er kjelda til makt og påverknad i samfunnet. Utdanning er derfor ein grunnleggjande føresetnad for å innfri jenter og kvinner sine rettar verda over.

Midt i handteringa av pandemien, må vi tenke langsiktig og sikre at gjenoppbygginga er retta inn mot jenter og kvinner. Mens vi gler oss over at stadig fleire vert vaksinerte mot covid-19, må vi auke innsatsen i kampen mot dei negative biverknadene av pandemien for jenter og kvinner. Den beste vaksinen i kampen mot barneekteskap, tenåringsgraviditeter og fattigdom, er skulegang og utdanning for jenter. Det vil vere heilt sentralt for gjenoppbygginga av meir berekraftige og likestilte samfunn. Ergo - er kvinnedagen ein dag for oss alle. Nett no er det fokus på likestilling i skulegang som kan vere eit berekraftig satsingsfelt i heile verda. Det kan alle arbeide for uavhengig av kjønn. Gratulerer med dagen!

Kommentarer til denne saken