– Kvifor skal vi bruke så mykje pengar, øydeleggje fine gardar og rasere store myrområde for å få til raske, effektive vegstrekningar?

SVINVIKA: Slik ser skissen ut for hvordan bru og veg kommer i land i Svinvika på surnadalssiden av Todalsfjordprosjektet. De grønne områdene viser fyllingen vegen skal bygges på. Bygningene i Svinvik Gard sees til høyre for traseen.

SVINVIKA: Slik ser skissen ut for hvordan bru og veg kommer i land i Svinvika på surnadalssiden av Todalsfjordprosjektet. De grønne områdene viser fyllingen vegen skal bygges på. Bygningene i Svinvik Gard sees til høyre for traseen.

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.«Eg stod på Glåma og såg frå høgden

på Skålvikfjord’n så va bli og blå.

Å evve Halsain mot Straumsneshøgden,

smilt lainne mot me med vatna små.»


Det skriv Hans Hyldbakk blant anna i diktet «Nordmørsminne».

Verda og Nordmøre har forandra seg mykje etter at Hans vandra etter vegane med handtrille og selt bøker eller sykla og samla informasjon til bygdabøkene.

Vi som begynner å bli gamle (i alle fall eg), tenkjer ofte på kva besteforeldra mine ville ha sagt om dei hadde fått sett kor forandra kvardagen har vorte.

Vi byggjer vegar og bruer der det eingong var eit stort framskritt da det kom ferge. Vi set oss inn i bilar med kjøreomputarar og susar i veg dit vi vil på kort tid, relativt sett. Garasjeportane opnar seg av seg sjølv, når vi trykkjer på fjernkontrollen.

Vi har fått noko rassikring, men det trengst mykje meir, og dei vegane vi har, burde i det minste bli bygde breie nok til å få gulstripe.

Vi har venta på Todalsfjordprosjektet i mange tiår. Det har stoppa i mangel på pengar og krangel om kvar traseen skal gå. Kva vinn vi og kva tapar vi? Med ein øydelagt Svinvikgard og kanskje arboretet på Surnadalsida, og rasering på Stakneset og Ålvundfossen på den andre sida, blir det skipla enno meir jordbruksjord. Kva skjer mellom Betna og Hestnes der vegen skal gå på jomfrueleg mark med myrområde som er opp til 13m djupt og som skal bli 12,6 km lang, som det står i planane til vegvesenet.

– Todalsfjordprosjektet blir med stor sannsynlighet ikke noe av

Sve vil ha tettere styring av Todalsfjordprosjektet

Trøstesløst om Todalsbrua

Todalsfjordprosjektet: Advarende pekefinger til lunken lokal holdning

Vi veit at for mykje CO2 i atmosfæren påvirkar klimaet i stor grad. Myr lagrar CO2. Når vi opnar myra, slepp vi ut ei stor mengd av den gassen.

Vi likar ikkje ekstremver, ikkje at det kjem skred, ikkje flom, ikke orkan. Veret har blitt så uberegneleg.

Vi likar heller ikkje at mange insektstypar forsvinn, og at det blir fleire av andre som ikkje høyrer til her. Mange andre små og ubetydelege artar (i våre auge) har og forsvunne, 50% av jorda sine naturlege økosystem er borte på 50 år, ifølge FN. Det er ikkje «fake news».

Men vi vil ikkje vite at med våre ønske om å kome raskare fram, og å kunne reise med fly på ferie rundt heile verda bidreg til klimaforandringane.

Dette er eit lite utsnitt av utfordringane vi står overfor. Kvifor skal vi bruke så mykje pengar, øydeleggje fine gardar og rasere store myrområde for å få til raske, effektive vegstrekningar? For å frakte gods er det jernbane og båt som er det minst forurensande. Surnadal har førebudd seg på det sistnemnte med å byggje roro-rampe (Roll on/Roll off) på kaia for å laste/losse utan å pakke om. Eg har forstått at både Talgø, PipeLife og Allskog brukar dette systemet no. Sunndal er og i ferd med å planlegge det har eg høyrt. I Trøndelag har dei begynt å sende fisk til Belgia på denne måten.

Slik kan vi frakte varer med mykje mindre utslipp av klimagassar, og det blir det ikkje så mykje slitasje på vegane heller. Regjeringa har allereie bestemthet storparten av godstrafikken skal foregå med båt og jernbane, og dei har løyvd pengar til det. Det blir mykje mindre trafikk på vegane. Da er eg redd at det blir kostbart for oss som blir nøydd til å bruke bomfinansierte tunnelar og brusamband.

Elisabeth Moen


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken